• 97713-1

    id
    • 97713-1
    datafangstdato
    • 2002-08-06T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-05-23T11:01:55Z
    informasjon
    • Lokaliteten ligg i skråninga nedfor vegen og strek seg ned mot myrdraget i aust. Lokaliteten strekk seg så mot nord langs ura i vest og ned mot ein strandvoll i nordvest. Lokaliteten ligg i ein bue frå nordaust til vest og måler omlag 60 m NNA - SSV og 40-50 m VSV - ANA. Avgrensinga av lokaliteten er gjort ut frå prøvestikk og ut frå topografien. På lokaliteten har det vore greve fleire dreneringsgrøfter frå skråninga nedanfor vegen, gjennom myra og heilt ned til sjøen. Heile lokaliteten er planta til med gran. Det vart teke til saman 9 prøvestikk på lokaliteten som vart sålda. 4 av prøvestikka var positive. Heile lokaliteten er dekt av skogsbotn / torv. Ned mot myra er torva opp mot 50 cm tjukk i PS 4. Under torva finn ein eit funnførande brunt lag sand med varierande innslag av stein (PS 1-3). I prøvestikk 4 vert det ikkje gjort funn i dette laget men i eit grått sandlag under det brune sandlaget. PS 4 ligg noko lågare enn PS 1 og 3 og undergrunnen kan sjå ut til å variera noko. I alle stikka var det vanskeleg å skilja mellom funnførande masse og undergrunnen. Det kan sjå ut til at det i botnen på stikka har eit meir "marint" preg med meir silt og rund stein. Det var og ein klar tendens til at funna låg i den øvre delen av den brune sandlaget. Dette var ikkje tilfelle i PS 4.
    kommune
    • 4625
    kulturminneId
    • 97713-1
    lokalId
    • 97713-1
    målemetode
    • 19
    nøyaktighet
    • 100
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217