Haugen måler 9 X 7 m A-V - N-S. Høgda på haugen varierar frå 0,7-0,9 m til om lag 1,2 m. Haugen er utkasta i midten og her ligg og eit gravkammer som er godt synleg. Kammeret måler 1,8 X 0,7 m orientert NA-SV i lengda. Kammeret er konstruert av rund stein og noko brotstein. Storleiken på steinane varierar noko og dei største kan vera om lag 60-70 cm i tvm. Midt i kammeret ligg ein stein om lag eit mannsløft stor. Kammeret er 0,5 m djupt. Det kan sjå ut til at haugen har hatt ei tunn kappe av jord men no stikk fleire stein i dagen. Haugen verkar noko skadd i kantane men i SV, N og A er haugfoten klårt markert og haugen verkar ikkje skadd i desse områda. I S stikk det berg fram i dagen. Haugen er delvis grodd med gras lyng og brake og syner ikkje godt i lendet slik vegetasjonen er i dag. Dei nærmaste gravminna ligg på Storebø, om lag 750 m mot SA. NB Fett beskriv ein haug med same ytre mål og kammer på Storebø (Fetts fk. nr. 1/2): "Haug ligg på bnr. 12, 100 m N for 1 ved nordvestre myrkant. Han er 9 x 6 m NO-SV og 1 m høg, torvdekt. Her er eit djupt søkk i midten og her skal det ha vore ei mannslang kiste mura av runde steinar noko flate inn, mot romet". (Fett 1968)