Lokaliteten måler om lag 7 x 6 m orientert nordvest ¿ søraust og nordaust sørvest. Lokaliteten ligg godt skjerma for ver og vind. Litt sør for midten av lokaliteten renn ein bekk frå vest-nordvest mot aust-søraust og ned mot myra i søraust. På lokaliteten veks det gras, lyng og noke mose. På lokaliteten veks og nokre store furetre. Sør for bekken ligg nokre store steinar. Nord og nordvest på lokaliteten går eit dyretrakk / sti. Her er det og naturleg å ta seg fram frå riksvegen og ned mot lokaliteten. Kjem ein denne vegen ned til lokaliteten kan ein ta seg fram vidare austover og langs kollen der hellaren (lokalitet 1) ligg. Det vart teke til saman 6 prøvestikk på og rundt lokaliteten, fire av prøvestikka var funnførande. Stratigrafien er mykje lik på heile flata. Under eit om lag 10 cm laust torvlag finn ein eit meir kompakt torvlag om lag 5-10 cm tjukt. Under denne torva kjem ein rett ned på funnførande lag. Det funnførande laget er frå 5-15 cm tjukt. Laget er sand og grushaldigt og det fins kolbitar i laget. I tre av stikka finn ein kollinser eller kolhaldig masse. Undergrunnen varierar frå raudbrun sand til meir silthaldig lys grå sand og grus med stein. Det kan sjå ut til at det ned mot bekken og myra i sør er meir silthaldig undergrunn. Ut frå plasseringa i landskapet og høgda over havet kan ein tenke seg at denne lokaliteten er strandbunden og låg nokre få meter o.h. når han var i bruk.