Lokaliteten måler om lag 10 X 6 m vest-nordvest ¿ aust-søraust og nord-nordaust ¿ sør-sørvest. Lokaliteten er overgrodd med gras og lyng og her er kupert. Lokaliteten er skrinn og her er ikkje mykje lausmasse. Det vart teke til saman to prøvestikk på lokaliteten. Eit av stikka var funnførande. Under torvlaget (lag 1 og 2) finn ein eit lys grått sand og gruslag som er silthaldigt. Dette laget, lag 3, er funnførande. Under dette laget finn ein eit lag av same type men som er meir ¿spetta¿. I toppen av dette laget vart det gjort funn. Undergrunnen er grå til gul og inneheld silthaldig sand og grus. Lokaliteten ligg 1-2 m lågare enn lokalitet 2. Høgda er då ca 13 m. Ut frå strandforskyvningskurva og dateringa av dei andre lokalitetane er det då mogleg at lokaliteten er samtidig eller noko yngre enn lok. 2. Ei datering til seinmesolitikum er den mest trulege.