• 97718-1

    id
    • 97718-1
    datafangstdato
    • 2001-06-07T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-05-23T12:01:31Z
    informasjon
    • Hellaren er om lag 20 m lang orientert aust-nordaust ¿ vest-sørvest, men det er kun ein mindre del av hellaren i den sørvestre del som er egna til lengre opphald. Dette området er på om lag 10 m2. Det er og her det fins nokre avsetningar i hellaren. Denne delen av hellaren er temmelig flat men her ligg fleire store blokker og nokre mindre stein. Inn mot ein større stein vart det teke eit prøvestikk, prøvestikk 1. Framfor hellaren veks nokre furuer og skrenten opp mot hellaren er grasvaksen. Her er og nokre einer. Det øvre laget i hellaren var kompakt sauetalle. Lag 2 var eit lys grått til beige sandlag med noko silt og vitra stein. Laget var funnførande. Lag 3 ineheldt gråbrun til oransje sand, silt saman med vira stein og noko grus. I dette laget var det funn. Lag fire var temmelig raudt og her var og vitra stein og grus. Det nederste laget, lag 5, var gråbrunt i farge og var sand og silthaldig. I laget var og ein del vitra stein og grus. Dette laget var og funnførande. Stikket i hellaren vart greve stratigrafisk og alle massane vart solda. I botnen av stikket var det stein / berg. Det var ikkje noko trekolhaldigt lag i prøvestikket. Dateringa av hellaren er ikkje eintydig. Funna som vart gjort er ikkje diagnostiske og kan på denne måten ikkje nyttast til ei direkte datering. Det me kan hevda er at området var i bruk i frå slutten av mesolitikum og ein må rekne med at hellaren vart nytta i den same tida som dei andre lokalitetane. Råstoffa som vart nytta i hellaren stemmer godt overens med dei opne lokalitetane.
    kommune
    • 4625
    kulturminneId
    • 97718-1
    lokalId
    • 97718-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217