Den tørre delen av hellaren måler om lag 2 x 4 m orientert aust ¿ vest og nord ¿ sør. I nord ligg nokre store steinar som vernar for nordavinden. Her er det mura med nokre få steinar. I den søndre delen ligg og nokre steinar og berget stikk og opp av hellargolvet. I den søndre delen står eit tre. Framfor hellaren ligg ein låg voll, rett utforbi dråpefallet. Vollen er 5-6 m lang og opp mot 2,5 m brei. Vollen er tolka som utkast frå hellaren eller rester etter ein mogleg vegg. Hellaren er naturleg skjerma frå vinden i nesten alle retningar. På hellargolvet veks det gras og rundt hellaren veks nokre lauvtre, brake og furu. Hellaren er naturleg tilgjengelig frå nord og sør. I aust ligg ei stor myr som strekk seg heilt ned til lokalitet 1 og vidare mot aust. Det vart greve ei prøverute om lag midt i hellaren. Under eit brunt silt- og humushaldigt sandlag, lag 1, vart det funne eit tjukt kulturlag, lag 2. Kulturlaget varierte noko i farge ¿ frå grått til brunt og inneheld sand, grus og nevestor til mellomstor stein. I heile laget finn ein kolbitar. Kulturlaget vart skilt frå kvarandre stratigrafisk etter farge ¿ 2a-2c. Under lag 2b ligg eit om lag 3-5 cm tjukt kollag, lag 3. Kollaget er tolka som ein eldstad. Over dette laget låg det flate steinar i ei høgde på om lag 15-20 cm. Kollaget ligg ned mot botnen av kulturlaget. Kulturlaget fortsatte under kollaget og i botnen av stikket var det ikkje funn, lag 4. I heile kulturlaget vart det gjort funn. Ser ein på dei ulike råstoffa og på mikroflekkene vil ei datering til slutten av mellommesolitikum / seinmesolitikum vera innafor rekkevidde. Det vart og sendt inn ei dateringsprøve frå lag 3. Dateringa viser at hellaren og har vore i bruk i keltertid, 14C-alder før notid 2205±80, kalibrert alder BC 380-165. Det vart funne mikroflekker over og under kollaget. Dette tyder på at hellaren til ein viss grad er omrota og har vore i bruk i fleire periodar.