• 97720-1

    id
    • 97720-1
    datafangstdato
    • 2001-10-29T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-05-23T12:15:33Z
    informasjon
    • Lokaliteten er lyng og grasgrodd og her vekst furutre og blanda lauvskog. Om lag midt på lokaliteten ligg nokre steinar inn mot berget i aust. Lengda på lokaliteten er om lag 50 m og bredda er ca 10 ¿12 m. Høgda over havet varierar frå om lag 15-18 m. Det vart teke til saman 15 prøvestikk på og rundt lokaliteten. 7 av prøvestikka var funnførande. Avgrensinga av lokaliteten er naturleg mot sør og aust. I vest vart lokaliteten avgrensa ved prøvestikk. Mot nord er lokaliteten avgrensa ut frå topografien. Stratigrafien er ikkje lik over heile lokaliteten og det verkar som om kulturlaget varierar noko i samansetning og farge på lokaliteten. I toppen av alle stikka varierte torva frå brun til våt myraktig torv, 4 til 10 cm tjukk. Under denne torva finn ein eit 8-15 cm tjukt kompakt torvlag med noko sand. Kulturlaget er frå 5-20 cm tjukt og varierar i farge. Det er kjenneteikna ved at det er ¿spetta¿ med fargevariasjonar frå brun-svart til gul-grått. Laget inneheld ein del stein av ulik karakter, frå strandstein til vitra stein. Grusen og sanda varierar i samansetning. Undergrunnen varierar frå grå silthaldig sand til gul-grå sand og grus. Det einsidige flintmaterialet, trekantmikrolitten og flekketeknikken plasserer lokaliteten i mellommesolittikum. Ein skal likevel ikkje sjå bort i frå at det kan vera fleire faser på lokaliteten og at lokaliteten er i bruk i seinmesolittikum. Lokaliteten ligg om lag 14-17 m over havet noko som passar bra med ein strandbunden lokalitet i mellommesolittisk / seinmesolittisk tid.
    kommune
    • 4625
    kulturminneId
    • 97720-1
    lokalId
    • 97720-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217