Funnområdet ligg i munninga på det før omtala sidedraget og strekkjer seg frå sør til nordnordvest, i ein boge, i om lag 15 meters lengd og ca 5 meters breidd. Vegetasjonen er grasmark, litt mose og nokre få små lauvtre. Omrota. Alt areal som har kunna dyrkast har vore nytta, så jorda er endevend og oppgrøfta. I tillegg er det forholdsvis grunt, så det kan sjå ut til at det ikkje er for mykje opprinneleg undergrunn att. Men lokaliteten er avgrensa, då det er teke mange avgrensande negative prøvestikk rundt. Ein del nyare tids potteskår og glasskår i massane. Stratigrafi: Grastorv, matjord med noko mindre stein i, enkelte stader grunne lommer med sandavsetningar i botn ned mot grunnfjellet. Funna er truleg frå steinbrukande tid. Ei datering er problematisk, då flinten er vassrulla. Funnstaden kan vera ein transcredert mesolittisk lokalitet, eller ein yngre fase.