Lokaliteten måler om lag 120 m NV-SA og opp mot 80 m SSV - NNA. Den øvre flata på lokaliteten er grasgrodd og er naturleg avgrensa av høgda der steingjerdet ligg i bytet inn mot gnr. 189/3. I NA ligg to hus og lokaliteten er delt av tilkomsten inn til desse husa. VNV for denne tilkomstvegen er delar av lokaliteten djup åker. Her er lokaliteten grasgrodd men her er og åker. Terregnet skrår ned mot Klostervågen og lokaliteten er naturleg avgrensa av bekken N for lokaliteten. Mot SSV kan det sjå ut til at vegen ned mot Naustvika er eit naturleg skilje. Avgrensinga av lokaliteten er gjort ut frå naturlege skiljer i terrenget men og ut frå prøvestikking. Det vart teke 2 prøvestikk nord for for bekken. Desse prøvestikka var var negative. Det vart teke til saman 15 prøvestikk på og rundt lokaliteten. 12 av prøvestikka var positive og det vart gjort til saman 59 funn. Øvst på lokaliteten er det gjort nokre få funn av flint men her er og funne keramikk i prøvestikk 4 og 8. Randskåret med ornamentikk frå prøvestikk 8 tidfester lokaliteten til eldre jernalder. Den nedre delen av lokaliteten inneheld for ein stor del steinalderfunn frå mesolitikum. Her er verd å merke seg at det og er funne keramikk. Keramikken vart funne i prøvestikk 10. Lokaliteten ligg om lag 100 m N for Pikhaug. Midt over lokaliteten går ein veg som deler lokaliteten i to. Det går og ein veg SV for lokaliteten. Den vestre delen er gamal og djup dyrking (no potetåker). Funna ligg i heile dyrkingslaget som er opp mot 1 m djupt. På den øvre delen av lokaliteten ser undergrunnen ut til å vera ganske uforstyrra. Stratigrafien på lokaliteten varierar frå den øvre til den nedre delen. På den øvre delen er det eit grått til mørk grått homogent dyrkingslag frå 20-40 cm djupt. I prøvestikk 3 vart det funne eit mørkt kolhaldigt ¿feitt¿ lag. Laget er tolka som eit kulturlag. I dette laget vart det og funne eit keramikkskår. Under dette laget finn ein brunorange sand. Nede på lokaliteten er dyrkingslaget opp til 1,2 m tjukt og det varierar i farge frå grått til mørk grått med ulikt innslag av grus, silt og humus. I fleire av prøvestikka er det noko kol. Undergrunnen varierar frå grus til stein og leire.