Røysa måler 3 m NS og 3,5 m AV. Høgde omlag 0,5 m. Eit tynt torvlag i toppen vart fjerna, og ein kom då ned på eit enkelt lag med knapt knytteneve-store rullesteinar. Dette laget er omkring 0,5 m2. Dette er stein som ikkje finnest i området og må såleis vera frakta hit. Rundt denne konstruksjonen ligg det større steinar av lokal bergart (fylitt). Ein av desse vart fjerna og det vart grove eit hol på omlag 40 x 20 cm og 45 cm djupt. Her var jord og mindre stein om ein annan. Det viste seg at omlag 30 cm under rullesteinslaget låg det ei helle, omlag 5 cm tjukk. Størrelsen på denne er uviss då berre eine enden kom fram i kanten på prøvestikket. Under denne virka jorda laus som om her hadde vore eit holrom. Jorda var kolblanda.