Anlegget består av 1 hustuft, 1 rundrøys, geil med utgard og3-4 åkerreiner. Hustufta ligg ved SV-kant av feltet, litt SV for midten. Den er uklart markert, særlig i NV-del, og mindre godt synleg. Graskledd. Veggene ligg som graskledde vollar, der ein del mindre og nokre få større steinar syner. Br. 2-3 m, h. 0,1-0,3 m. I NV-del, der gavlen ligg inn mot bakken, heller golvet sterkt mot SØ, ellers er det nokså flatt. Vanskeleg åavgjera om der har vore nokon indre oppdeling i fleire rom. Eit steingjerde går N-S over tufta litt SØ for midten. Over midten går eit søkk N-S. Nokre små groper langs ytterkant av veggene tyder på at ein har teke stein til gjerde her. Orientert NV-SØ. L. ca 52 m, br. 7 m. Rundrøysa ligg lengst i SØ, ca 50 m SØ for tufta. Uklart markert og litesynleg. Gras- og mosekledd med ein bjørk i V-kant. Nokre synlege steinar. Mykje masse er fjerna. D. ca 8 m, h. ca 0,5 m. Geilen går fra midt på NØ-langvegg av tufta ca 45 m mot NNØ der utgarden tek til. Delvis graskledd med ein del synlege steinar. Avstanden mellom armane 7-8 m. Ø-arm er klar og går i same retning herifrå ca 50 m til eit nyaresteingjerde. V-arm er uklar og usikker. Den held fram mot VNV ca 100 m og ender ved eit stup mot SV. V-arm er stykkevis klar her. Murbr. 0,75-1 m, h. 0,1-0,4 m. Åkerreinene går langs det meste av SV-kant. Meir og mindre klart markerte. Graskledde med nokre få steinar. H. 0,5-1 m.