Kontrollregistrering 8.7.2026 i samband med utbetring av langrennsløyper:
Sirkulær form med tydeleg voll mot sør og vest. Fyllingsfoten til eksisterande skiløype ligg på nordaust sidan, ca. 1 m frå nedskjeringa til gropa i bakken. Det er ikkje noko synleg voll her, truleg grunna terrenget heller nedover mot sør. Elles låg voll, men kanten til vollen i søraustre retning er uklar. Kan vera at det har vorte fylt på litt massar. Gropa i seg sjølv er truleg intakt, men det har komme nokon steinar nedi henne. Gropa er målt rett ut frå fylling, alle mål nordaust-sørvest. Ytre diameter 4 m, topp voll 2,6 m, registreringsdjupn 0,45 m. Indre diameter 1,8 m, nedgravingsdjupn 0,35 m. Rektangulær-sirkulær form på uttaket, måler ca. 1,3 x 1,1 m.
Tidlegare skildring:
R79. Kullgrop