Kontrollregistrering 8.7.2026 i samband med planar om utbetring av langrennsløypene:
Sirkulær form, grave ned i søraust vend skråning såg tydeleg voll berre på tre sider. Sidegrop mot aust-søraust og truleg ei sidegrop mot sør-sørsørvest. Mot nordvest er det eit konkavt areal inn mot og inn i gropa, kjem truleg frå uttaket av kol og andre aktivitetar ved gropa. Gropa er intakt, men eit furutre med ein stammediameter på 0,2 m veks midt i gropa, pluss nokre bjørker på vollen. Alle mål er tekne sørvest-nordaust. Ytre diameter 6,1 m, topp voll 2,8 m, registreringsdjupn 0,45 m. Indre diameter 1,8 m, nedgravingsdjupn er ca. 0,25 m. Ser ut som ei sirkulær form på uttaket, diameter i botnen er ca. 0,8 m. Djupn og botnform er vanskelege å måla pga. furua. Sidegrop mot søraust er graven litt inn i vollen, måler ca. 0,7 x 0,7 x 0,05-0,2 m. Ei bjørk veks i nordaustre del, så ikkje mogleg å slå fast som sikker utstrekninga i den enden. Det er også eit konkavt areal i vollen over sidegropa, men dette kjem truleg frå utgraving av og bruk av sidegropa. Sidegropa mot sørvest ligg i kant med vollen, på skrå langs med, og måler ca. 1,1 x 0,7 x 0,05-0,4 m.
Tidlegare skildring:
R55. Kullgrop