Samlinga måler omlag 75 x 20 m, orientert ONO-VSV.Den sørlegaste av røysene, Fetts fk.nr. 3/1, måler 16-17 m i tverrmål og er 3 m høg. Ho er bygd av blokker/rundkamp, 0,2-0,7 m store. I sentrum av røysa er eit ovalt søkk, 6 x 4 m, orientert SO-NV, og 2 m djupt. Røysa er tildels mosevaksen. Ho er godt markert og syner godt i lendet. I sør ned mot sjøen er ho mykje utkasta. Kring røysa veks eindel bjørke- og furutre.Røysa Fetts fk.nr. 3/2 ligg 18 m ONO for røys 1. Ho måler omlag 18 m i tverrmål, er kring 1 m høg og bygd av steinar/blokker 0,1-0,5 m store. Røysa ligg på eit svaberg som stikk i dagen i søraustre kant. I sentrum er det ein liten fordjupning, der det veks gras og mose, nokre steinar stikk i dagen. Ho er utkasta i S og O. Rundt røysa veks det furutre og eindel bjørketre.Røysa Fetts fk.nr. 3/3 ligg kring 25 m NNO for røys 2. Ho måler kring 11 m i tverrmål, bygd av steinar/blokker 0,2-0,5 m store og er omlag 3 m høg. I nordre kant av røysa er det to søkk, det austlegaste er 1,5 m i tverrmål og 1 m djupt. Søkket tett vest for er 2 m i tverrmål og 0,3 m djupt. I sentrum er det og eit søkk, 4 m i tverrmål og 0,5 m djupt. Røysa er utkasta i NO og SO. Ho er noko mosevaksen og i vestre kant veks det ei furu. Kring røysa er det tett furuskog.SV for feltet ligg det nokre mogelege røysrestar.