Røysa er 9 x 2,5 m i VSV-ONO og opptil 0,5 m høg. Ho er bygd av 0,1 - 0,7 m store steinar/blokker som er noko mosegrodd og langs kantane er røysa dekka av lyng. Røysa verkar omrota og utkasta, særleg i S, der ei klar avgrensing er vanskeleg å gje.
Helleren er 5-6 m vid i opninga, 5 m djup og 3-4 m høg. Tilleggsopplysningar: Knut Johan Nerhus registrerte helleren i 1988 som lok. KJN-7. Han skildrar helleren slik: Ingeridhidleren er stor. Det har vore arbeidd i over minst 40 m i breidda, store avfallsmengder som går ut i vatnet. 7 m djupt horisontalt fjellhol på midten, ståhøgd. Helleren er nedrasa mot sør. Det ser ut som helleren kan ha gått ned i vatnet. Bakstehellermerke.
"Apaldhaugen" ligg tett ved søre kyrkjegardsgjerde og tett V for den nye vegen. Han var svært øydelagd alt i gamal tid, og det finst inga opplysning om storleik. Her skal vere funne nokre gravkister, og i ei av dei ei leirkrukke, som lenge fanst på kontoret på amtskolen, men smuldra vekk. Restaurert 1976 til 15 m tvm., og 1,5 m høg etter søkegraving 1973 (Per Fett). Haugen ligg idag som ein O-V-gåande, grasvaksen låg rygg, kring 10 x 15 m vid. På haugen veks fleire store lauvtre.
Røysa måler 9 m i tverrmål og er 1/2 m høg. Ho er dekt med grastorv, men steinar stikk fram i dagen. Røysa er avflata på toppen, der det står ein bautastein; reist i 1909 til minne om Sir William Gordon. Lendet kring røysa er steinete beitemark. 18 m NO for røysa ligg restane av ei anna røys. Berre den vestlegaste delen er att. Tverrmålet tykkjest ha vore kring 7 m. Høgda på den attverande skalken er knapt 0,5 m. Røysresten er dekt med grastorv, men det stikk steinar i dagen langs kanten.
Steinen er 4 m lang og 2,25 m brei og hallar mot vest. Der er ca. 30 groper. Dei største gropene er inntil 10 cm i tverrmål og er inntil 4 cm djupe. Dei fleste er mindre og grunnare. Ei av gropene er oval, 18 cm lang og opptil 5 cm brei.
Røysa er 7 m i tverrmål og 0,4 m høg. Røysa er dekka av grastorv, stein stikk i dagen fleire stader. Røysa har ein fotkjede. Ho er bygd av kanta/kantrunda steinar og blokker. Midt i røysa står ei flaggstong.
Røysa, fk.nr. 3/10 er 11 m i tverrmål og 1,5 m høg. Ho er dekka av grastorv, stein stikk i dagen fleire stader. I O-kant er røysa avskoren av dyrka mark. I NO- og SO-kanten er det kasta opp noko rydningsstein som gjer røysa vanskeleg å avgrensa. Fk.nr. 3/11 ligg 3 m V for fk.nr. 3/10. Ho er 8 m i tverrmål og 0,5 m høg. Røysa er dekka av tunn grastorv, stein stikk i dagen over heile røysa. Det veks fleire bjørketre på henne. I NO-del er det kasta på ein del rydningsstein. 7 m S for 3/10 ligg ein haug av stein, grus, sand; berre ein skalk er att. Dette kan vera røysaresten fk.nr. 3/9. Røysa ligg ca. 25 m NNO for ungdomshuset.
Røysa er 13 m i tverrmål og høgda er 1-1,5 m. Ho er dekka av svært tynn grastorv og noko mose. I S er steinane nesten udekka. Det veks fleire lauvtre på henne. Langs røysfoten er det kasta på rydningsstein som gjer avgrensinga noko uklar. Det er eit grunt søkk i toppen og eit i V-sida.