Gropeberget R 5, Fetts fk.nr. S 15, er eit gropeberg som strekkjer seg langsmed søre langvegg på selet til Jan Bollingberg. Berget er ujamt og forvitra og det hallar lett mot S. Her er 2 konsentrasjonar av groper.Rett ut for sørvestre hjørnet på selet er det 10 sikre groper, 4-6 cm i tverrmål og 0,5-4 cm djupe. Tett ut for austre del av den søre langveggen på dette selet, er det 5 groper, 3-5 cm i tverrmål og 1 cm djupe. Om lag 3 m ut frå same stad på langveggen ligg ei grop. På dørhella til selet er det ei tydeleg grop, 4 cm i tverrmål og 1,5 cm djup. På same hella er det og 3 heilt grunne groper.
Dei ni lokalitetane ligg innan eit område som strekkjer seg kring 305 m i retninga NNO-SSV (fordelt på forskjellige Askeladdenlokaliteter, red. anm.). Gropeberget R 7 ligg 1 m NO for seltufta til gnr. 76/4 og kring 20 m S for fjøsen til gnr. 74/1. Det er eit sva med ein ONO-VSV-gåande rygg. Langs denne ryggen er det 7 tydelege groper som er 3-7 cm i tvm. og 1-3,5 cm djupe.
Haugen er 9-10 m i tverrmål og om lag 0,5 m høg, sett frå N og O. Han er mykje utkasta mot SV og kan difor ikkje avgrensast klårt her. Haugen er heilt tilvaksen med grastorv. Rundt kantane i O, S og V, veks det bjørketre. I O står det også ei gran heilt i gjerdet mot utmarka på eigedomen.
Av haugen står det att ein rest på 13 x 9 m, orientert om lag NV-SO, ca. 1,5 m høg, sett frå N. Haugen syner godt i terrenget og er klårt markert der han er uskadd. Midtpartiet og det meste av søre del er fjerna heilt til botnen ved grustak. Haugen er oppbygd av sand, jord og noko mindre stein. Haugresten er tilvaksen med gras, mose og lyng, og det veks fleire bjørketre på han.
Røysa er 12-13 m i tverrmål og om lag 1 m høg. Ho er svært uklårt markert og er i dag lite synleg i lendet. Røysa er dekt av eit torvlag og tilvaksen med mose, lyng, einer, bjørk, rogn og furutre. Nokre 0,2-0,4 m store steinar/blokker stikk så vidt i dagen kring i røysa. Røysa er noko ujamn og utkasta på toppen. På berget SV for røysa ligg det utkasta steinar/blokker. Midt i røysa er det sett ned ein dobbel høgspentstolpe med steinfundament.
Røysa som vert kalla Piphaugen, er 9-10 m i tverrmål og opptil 1,25 m høg. Ho er klårt markert og godt synleg i lendet. Røysa er bygd av 0,2-0,6 m store steinar/blokker og er delvis tilgrodd med gras og lauvtrekratt. Røysa er sterkt omrota og har ei uregelmessig form. Toppen av røysa er avflata. Her er det ei kring 3,5 x 3,5 m stor tuft der ein har nytta stein frå røysa som fundament.
Røysa, som vert kalla Sæmingrøysi, er om lag 15 m i tverrmål og om lag 2 m høg målt i SO. I NO, O, SO, S og SV er det mura opp ein opptil 2 m høg mur, truleg for å hindre at røyssteinen sig utover bøen. Røysa er dekt av eit tynt grastorvdekke, men i S ligg mykje av steinen i dagen. Ho er bygd av steinar/blokker, 0,20 - 1 m store. Røysa tykkjest noko utkasta, utan at ein direkte kan peike på krater eller sår. Mykje rydningsstein er innpåkasta, særleg i SV. Røysa er skjemd ved at ein tidlegare har kasta innpå ein del boss og skrot. Røysa er ikkje heilt klårt markert men syner særs godt i lendet.
Røysa måler om lag 12 x 6 m orientert NV-SO. Ho er bygd av steinar/blokker 0,15 - 0,80 m store, høgda er om lag 0,75 m. Steinane/blokkene er dekte med mose og grastorv med unnatak av i SO og i N. På røysa veks det nokre bregner. I nordaustre kant står to grantre, og eit stort bjørketre står i nordvestre kant av røysa. Søraustre del av røysa ligg noko lågare enn den nordvestre delen. Røysa er uklårt markert, men syner heller godt i lendet.
Røysa er om lag 5 m i tverrmål og heilt låg. Ho er overgrodd med mose og grastorv, men ein kan kjenne røyssteinane/blokkene under vegetasjons- dekket. I sentrum er det merke etter eit innbrot. På røysa veks det brakebusker og i nordvestre kant står ei høg bjørk. Røysa er noko uklårt markert og synar dårleg i lendet.
Samlinga måler om lag 40 x 8 m, orientert NNO-SSV.
Røysa Fetts fk.nr. 2/2 er om lag 8 m i tverrmål og kring 1 m høg. Sentrum av røysa er noko tilgrodd med mose og grastorv, elles ligg steinar/blokker, 0,1-0,4 m store, i dagen. Steingarden som markerer bytet mellom 57/2 og 57/8 går tvers over røysa og likeeins over røysene Fetts fk.nr 2/3 og 2/4. Mykje av steinen som i dag synest, må vere rydningsstein som er innpåkasta. Røysa er tilvaksen med nokre småbusker og eit stort bjørketre. Røysa er uklårt markert men syner godt i lendet.
Om lag 1 m NV for røysa Fetts fk.nr. 2/2, er det ei oppmuring (mogeleg tuft) som strekkjer seg mot NNO. Den øvste steinen i det sørvestre hjørnet av oppmuringa er ein gropestein. Steinen måler om lag 0,7 x 0,8 m og er kring 15 cm tjukk. Han er jamn og flat, noko tilvaksen med lav og litt mose. Her er 21 sikre groper. Dei er 2-6 cm i tverrmål og 0,2-2,5 cm djupe.
Røysa Fetts fk.nr. 2/3 ligg om lag 9 m NNO for røysa Fetts fk.nr. 2/2. Røysa er om lag 7 m i tverrmål og kring 1 m høg. Røysa er noko tilvaksen med mose, men det meste av steinane/blokkene, 0,1-0,5 m store, ligg i dagen. Nokre blokker, opptil 1,1 x 0,7 m store, ligg innpåkasta i sentrum. Det ligg elles nokre blokker som er over 1 m store langs kantane i SV, V, NV og NO. Nokre bjørketre står i NO og O. Det veks elles litt småkratt på røysa. Ho er uklårt markert men syner godt i lendet.
Røysa Fetts fk.nr. 2/4 ligg om lag 8 m NNO for røysa Fetts fk.nr. 2/3. Røysa er om lag 8 m i tverrmål og kring 1 m høg. Røysa er mest heilt dekt av grastorv, men nokre steinar/blokker, 0,1-0,5 m store, er synlege. Eit om lag 2,5 m vidt søkk ligg sentralt i røysa. Søkket er om lag 0,2 m djupt. Noko stein er innpåkasta. Røysa er uklårt markert, men syner godt i lendet.
Skålgropstein: Den øvste steinen i det sørvestre hjørnet av oppmuringa er ein gropestein. Steinen måler om lag 0,7 x 0,8 m og er kring 15 cm tjukk. Han er jamn og flat, noko tilvaksen med lav og litt mose. Her er 21 sikre groper. Dei er 2-6 cm i tverrmål og 0,2-2,5 cm djupe.