Den tidlegare åkeren er i dag lagt att til grasmark. Lokaliteten vart funnen i 1975 ved overflateleiting. Prøvestikk den gongen synte kulturlag 20-30 cm under overflata.
Haug lå på bnr. 1, "strax sydvest for laden". Då Ross var der i 1884, var haugen noko "afplaneret", og det var brote opp eit krater i midten. Haugen var rund og 24 fot (8 m) i tverrmål. Alle restar av dette fornminnet er borte for lenge sidan (kilde, Svein Indrelid,"Fornminne of fornminnevern i Ølen kommune")..
Haugen ligner 73012-1, er heilt rund, måler 3 m i tverrmål og er mindre enn 0,5 m høg. Han er heilt overgrodd av grastorv, og steinar kan ikkje merkast. Haugen vart funnen ved registreringa i oktober 1990.
Fangstanlegg med (minst?) to fangsgraver innerst i Stongeskaret. Bgge gravene ligger tett ved stien. I: Fangstgrav, beliggende på en rygg like til venstre for stien innerst i Stongeskaret forholdsvis langt ned i "ura". Delvis gjenkastet. Ikke synlige ledegjerder. II: Fangstgrav. Nesten øverst på ryggen mot nordvest opp fra fangstgrav I. Grav II beliggende på toppen av stien. Noen blokker kastet nedi. 2 små ledegjerder ca 4-5 m fra sydlige hjørner. I området ved Grav I og II er det også et kvartsittbrudd med kvartsitt av samme type som er funnet på steinalderboplassen ved riksveg 52. (Kvartsittbruddet har fått egen ID: 155736).
Ny kartfesting med håndholdt GPS 28.08.2012 (JG+AJN)
Røysa er rund. 6 m i tverrmål, mindre enn 0,5 m høg, lite synleg og dårleg markert, men under grastorva ligg ein steinkonsentrasjon som må være lagd på plass av folk. Ho er likevel ikkje utan tvil.
Lende og lokalisering:
Røysa ligg i utmarka til bnr. 2 ved Hovlandsstøo, lengst nord for bergryggen Seiastovo, nær stupet mot sjøen
Fornminneskildring:
Ho er rund, 9 m i tvermål, 1 m høg, no mukje overgrodd av tjukk lyngtorv og einerkratt. Ei open, noko ihopsigen gravkiste ligg 3 m inn frå vestre kant. Ho er 2 m lang, orientert nordaust-sørvest. Gavlane er store steiner med flatsidenen vende innover, langsidene er kvar ei lang helle. to dekkheller, 1 m lange, ligg ved sida. i kista skal vera funne eit 8 tommar langt leggbein, som ikkje vart teke vare på.
Lende og lokalisering
Røysa ligg i utmarka til bnr 3 på Donsvikneset, omlag 30 m frå sjøen i aust, med fint utsyn både mot Bjoavågen med Utbjoa og mot Bjoafjorden
Fornminneskildring
ho har vore rund og kring 11 m i tverrmål, men mykje av steinen er no brukt til ein stor varde som er bygd i nyare tid. Midt i røysa skal det vera funne to store heller som låg horisontalt. Det er mogleg varden er bygd av desse.
Referanser
Per Fett 1971: Førhistoriske minne i Sunnhordaland, Ølen Prestegjeld
Svein Indrelid 1991: Fornminne og fornminnevern i Ølen kommune