Haugen er 40 m i tverrmål og 2 - 4 m høg og er bygd av jord og stein. Haugen ligg i kulturbeite og er grasvaksen. Søre kanten er skoren vekk av silo og veg til denne. I nordkanten står ein mur i O-V retning som berre så vidt rører haugen. Haugen kan vere naturleg, men er mest truleg ein gravhaug.
Røysa er 5 m i tverrmål og 1 m høg, tilgrodd med lyng, einer og nokre furutre. Eit par lause steinar i toppen er det einaste teiknet på at det her ligg ei gravrøys. Røysa må difor karakteriserast som tvilsam.
Fett skildrar steinen slik: Han "havde i mange aar ligget kullkastet", men som eit bronseskilt nå fortel: "Reist av norske soldater 1864. Skutt i stykker av tyskerne under okkupasjonen 1940-1945. Gjenreist av Hordaland infanteriregiment den 6. juli 1949." Han er 4 m høg, 80 cm brei og 20 cm tjukk, nå skøytt saman av to delar. Truleg har steinen stått der han nå står.
Kleberbrotet ligg i ein heller, orientert N-S, 23 m lang og 0,6 - 1,8 m høg. Frå bakveggen i helleren til dråpefallet er det 1,4 - 1,8 m. I helleren er ei kleberåre, tjukkast i søre enden av helleren. I N er åra berre 20-30 cm og går i bakken. Det er i dag vanskeleg å sjå merke etter kleberuttak, men nokre sår kan påvisast i søre delen.
Røysa fk. 1/3 ligg på ein rygg N for stigen, i søre utkanten av skogen. Ho er ca. 14 m lang NNV-SSO og knapt 4 m brei, smalare mot endane, høgd er ca. 0,5 m. Røysa er bygd av stein og jord, men SSO for midten er mest all stein utkasta. Ho er tilvaksen med mose, lyng og nokre små bjørkebusker. Røysa fk. 1/4 ligg ca. 25 m SO for fk. 1/3, på ein bergknatt på den andre sida av stigen som her, der den gjer ein sving rundt knatten, er oppmura av stein. Røysa er ca. 7 m i tverrmål og 0,5 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker som kan kjennast under mosen. Røysa er tilvaksen med lyng, mose, nokre småbusker og einer. I austre del veks det nokre store bjørketre. Røysa er utkasta i kantane. Røysa fk. 1/5 ligg ca. 5 m S for fk. 1/4, på den same bergknatten. Ho er ca. 7 m i tverrmål og 0,5 m høg. Røysa er bygd av 0,2 - 0,9 m store steinar/blokker som for det meste er mose- og lyngvaksne. På røysa veks det små bjørke-, rogne- og hasselbusker, samt einer i nordvestre kant. I NO veks ein større hassel. Røysa er utkasta i kantane.
Haugen er om lag 7 m i tverrmål og om lag 0,5 m høg. Haugen er heilt dekt av gras, og ein kan ikkje kjenne steinar under grasdekket. I sentrum av haugen er eit søkk, 1,5 m vidt og 0,15 m djupt. Haugen er godt synleg i lendet, men er heller uklårt markert.
Røysa er ca. 15 m i tverrmål og ca. 1,5 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker som for det meste er tilvaksne med mose, men stikk i dagen her og der. Nordvestre fjerdedel av røysa er for det meste bortgraven. Det står ein apal i toppen av røysa. Delvis utgraven 1913 (Haakon Shetelig og Einar Lexow), og røysa var då dekt av tynn mosetorv og buskar. 3 m frå vestre kant ei kiste av mura stein, 3,50 X 0,80 m NV - SO. Langsidene møttest i ein spiss i NV, i SO var ein stor gavlstein. Taket var fleire lag heller, botnen aur, men langs langsida i SV var fjell etter ein kant som denne sida var bygd på. B6670 låg på auren i eit 2 - 3 cm tjukt lag jord. Over denne låg eit "temmelig tykt" lag grus og småstein innblanda med nedvaska jord. I 75 cm lengd frå
sørvestgavlen var det påfylt større steinar.
B6670
a)
Tveegget sverd med rester av træskede og rester av træ paa haandtaket. Det har trekantet knap av bronse helt av samme form som B. M. Aarb. 1911, nr. 8, s. 36, fig. 13; knappen er glat med fine linier og rækker av halvbuer langs kantene, fæstet med en nagle i hver ende. Sverdet samlet 86 cm. langt med knappen. Avb. fig. 1.
b)
Slank tveegget spydspiss, meget sterkt forrustet og knækket i flere stykker. Typen er som Eyvind de Lange. Utgravninger i Hafslo, B. M. Aarb. 1909, nr. 3, s. 24, fig. 20, men forholdsvis enda smalere. Odden mangler, men længden maa ha været ca. 33 cm.
c)
Spydspiss med mothaker, likesom foregaaende meget forrustet og knækket i flerestykker. Længden er omtrent 36 cm.
d)
Brudstykke av fem bladformete pilespisser med fal, type som B. M. Aarb. 1904, nr. 10, s. 17, fig. 11. Ingen av dem er helt fuldstændig.
e)
Smal øks med ottekantet tversnit (Rygh fig. 153), 21 cm. lang.
f)
Skjoldbule med pig, avsats og skraa rand, temmelig lik den i Evebøfundet, V J G. fig. 254. 11 cm. høi, 16,5 cm. i tvermaal.
Da skjoldbulen blev løftet, laa inde i den en jernnagle med halvkuleformet hode hvortil er fastrustet trærester. Den maa ha hørt til haandtaket.
g)
En smal, ret kniv med tyk ryg, 19,5 cm. lang hvorav tangen er 6 cm. Paa bladet er fastrustet rester av en slire av skind, paa tangen trærester som viser at haandtaket har været længere end tangen.
h)
Brudstykker av en stor kniv med bredt blad og buet ryg; nu 15 cm. lang men meget ufuldstændig.
i)
Brudstykke av to smaa syllignende jernredskapermed træskaft, se V J G. fig. 284 og 342.
k)
Skaar av et spandformet lerkar av løs lermasse sterkt blandet med glimmer. Form og ornamenter er nærmest som Ab. 1904, s. 60, fig. 18. Det har hat jernbaand om randen.
l)
Skaar av et spandformet lerkar av forholdsvis fast lermasse blandet med glimmer. Form og ornamenter meget nær Ab. 1904, s. 71, fig. 32. Rester av jernbaand om randen.
m)
Spor av harpikstætning til en trætine
og brudstykker av en jernhadde som dog ikke har hørt til samme kar som tætningen.
n)
Ildsten av graa, skifrig kvartsit, ufuldstændig slepet, av firkantet, flat form, 7 cm. bred, 8,7 cm. lang. Den ene av bredsidene har en dyp og tydelig slipefure, og begge bredsidene en mængde brunfarvete risser og striper efter bruken.
o)
En liten skive av graa opak flint hvis kanter er ganske sterkt avstøtt, 4,7 cm. lang. Maa utvilsomt være en ildflint.
p)
Kvartsbryne, flatt med rundslitte kanter, 13 cm. langt
Fundet ved Scheteligs utgravning av en rund røis, 13-15 m. i tvermaal, i noget ujevnt terræng saa høiden maalt fra foten i NV var 1,60 m., fra foten i SØ 2,10 m. Røisen var aldeles jordfri av temmelig smaa sten, dækket av tynd mosetorv og bevokset med en del busker. Straks vest for midten av røisen var en gravkiste med længderetning NV-SØ 3,30 m. lang og 0,70-0,80 m. bred. Sidene var uregelmæssig muret av større sten, bunden var dels fjeld, dels aur, og taket var flere lag av heller, hvorav en del var knækket og styrtet ind i graven. Det fremgik av sakenes plass at den begravete har ligget med føttene nær op mot den sydøstre enden av kisten, med sverdet ved venstre side, skjoldet midt over benene, kniv, syl og kvartsbryne ved beltet, spydspissene til venstre for hodet saaledes at stakene har strukket sig ned langs venstre side, og endelig stod lerkar og trækar samt ildsten og flint ovenfor hodet i den nordvestre enden av graven. Pilespissene laa paa sverdet litt nedenfor haandtaket og den store kniven h nær ved spissen av sverdet. (6670).