Helleren, som vert kalla Auravikhelleren, er om lag 30 m lang, orientert NO-SV. Hellergolvet hallar både mot SV og mot NV. Kulturlag kan påvisast i sørvestre del av helleren. Her er det om lag 8 m frå bakveggen til dråpefallet, høgda er inst inne kring 3,5 m og ved dråpefallet om lag 25 m. Kulturlaget ligg framme mot dråpefallet innan eit grasvakse område som dekkjer kring 3 x 8 m og er orientert NO-SV. Inst i helleren ligg det berg i dagen.
Tufta er 6,6 x 5,9 m i ytre mål og 4,1 x 4,4 m i indre mål. Tufta er lite synleg. Den austre langveggen er best markert og er bygd av 0,2-0,5 m store steinar/blokker. Den vestre langveggen er bygd inntil ein bergvegg. Det sørvestre hjørnet er utrasa. Eit prøvestikk i sentrum av tufta synte eit 5 cm tjukt, trekolhaldeg, feitt jordlag under 10 cm torv. Det vart funne avslag av flint og kvarts og eit jernfragment i det trekolhaldege laget. Ei 14C-prøve frå laget gav ein alder på 890-1010 år e. Kr.
Feltet inneheld fire hustufter og tre båtopptrekk. Tufta 40C-1 vart registrert til å vera 11,8 x 8,4 m i ytre mål og 7 x 5 m i indre mål. Ho er orientert NNV-SSO. I samband med ei prøvegraving same året vart måla korrigerte til 12 x 8,5 m i ytre mål og 11 x 7,5 m i indre mål. Tufta er godt synleg. Veggfundamenta er bygde av opp til 0.8 m store rullesteinar/blokker. Midt i den nordre kortveggen er det eit 1 m breitt, steinfritt inngangsparti. Sørveggen og det søraustre og det nordvestre hjørnet i tufta er noko utrasa. Det nordnordaustre hjørnet i tufta tangerer det sørlegaste av tre store, paralleltliggjande båtstøer som går frå dagens flomål og austover til ein bratt bergskrent. Under registreringa vart det teke eitt prøvestikk i tufta og under prøvegravinga vart det grave ei rute på 1 m2, begge i sentrum. Det funnførande laget var opp til 40 cm tjukt. Her vart m.a. funne jernfragment, klebersteinsfragment, eldflint og beinfragment. Ein 14C-prøve har gjeve ein alder på 1030-1210 år e. Kr. Dette er den desidert yngste dateringa av dei undersøkte tuftene på Hjartøy. Tufta 40C-2 ligg 7 m vest for tuft 1. Tufta er orientert NNO-SSV og ho er 7,7 x 6,1 m i ytre mål. Ho er tilgrodd med lyng og mose og er dårleg markert. Berre det nordaustre hjørnet er vegetasjonsfritt og syner 0,2-0,8 m store rullesteinar/blokker i veggfundamentet. Eit prøvestikk i sentrum av tufta synte ein 1 cm tjukk, sterk trekolhaldeg horisont under 20 cm torv. Ein 14C-prøve frå denne horisonten har gjeve ein alder på 640-690 år e. Kr. Austre hjørnet i tufta 40C-3 ligg heilt inn til vestre hjørnet i tuft 1 og ho har same orientering som denne. Dei ytre måla er 5 x 5 m. Tufta er svært dårleg markert. Her vart ikkje teke prøvestikk. Tufta 40C-6 ligg like aust for tuft 2 og har felles vegg med denne. Dei ytre måla er 7,7 x 6 m. Tufta er svært overgrodd og lite synleg i terrenget. Her vart ikkje teke prøvestikk. Rett N for tuft 1 ligg det tre parallelle båtopptrekk med felles skiljevegger. Båtopptrekka er bygde ved at rullesteinen er rydda vekk frå den gamle stranflata og lagd saman i fire steinstrenger som utgjer veggene. Båtopptrekket 40C-4 er det sørlegaste. Den søre langveggen i opptrekket tangerer det nordre hjørnet i tuft 1. Den søre langveggen er 11 m, medan den nordre er 17 m. Avstanden mellom veggene er 6 m. I sørveggen er det ein 1,5 m brei opning like NV for N-hjørnet på tuft 1. Denne må truleg tolkast som inngang til båtopptrekket. Nordveggen som også er felles vegg med båtopptrekket ved sida av, er 3 m brei og inneheld stor rullestein. Båtopptrekket 40C-5 har utforming som båtopptrekk 4. Sørveggen er her 17 m lang, nordveggen er 12 m og avstanden mellom dei er 4 m. Båtopptrekket 40C-7 har felles langvegg med båtopptrekk 5, slik at sørveggen her vert 12 m. Nordveggen i dette båtopptrekket er like lang, nemleg 12 m. Avstanden mellom langveggene er 5 m. Båtopptrekka 4 og 5 ligg mellom godt 1 m og opp til kring 2,5 m over dagens middelvasstand.
Frå Per Fett: Helleristing på Søre Skjeret der det er eit gamalt landfeste for laksenot. Ein figur ligg på ei mest horisontal hylle 8 m frå sjøen og 1,25 m o. h., hylla ligg i eit rettvinkla huk i søraustre hyrne av skjeret. Figuren er berre 15 cm i firkant og har vore kalt ein hakekross, men er heller ein flettekross. Granska 1934 (Olav Espevoll), 1936 (Johs. Bøe), 1968 (Per Fett). Bilete: Shetelig 1934. Mandt 1972 pl. 72.
Tufta er 7 x 4 m ONO-VSV og ligg i eit dalsøkk med utsyn mot pollen slik at ein høgspentstolpe står midt mot det nordaustre skjeret, 20 m o.h. Tuften ble nærmere undersøkt av K. Randers på begynnelsen av 1990-tallet. Randers konkluderte med at husets funksjon må ha vært som bolig for mennesker. Markerte kulturlagsavsetninger, ildsted, kokekar og rester etter ildflint i store mengder tyder på det. Randers konkluderte og med at hustuften slik den fremstår er rester etter et bolighus fra første del av middelalderen. En romertidsdatering kan skrive seg fra en eldre jernalderfase, men er mest sannsynlig et resultat av avsviing av skog i området i løpet av Romertid.
Frå Per Fett: Heller, ligg nordvend lengst N på Kollsøy, V for Blomøy, 25 m frå sjøen og 8 m o. h. Han er 8 m brei, 3 m djup og 2 m høg, flatt golv og horisontalt tak. Store steinblokker stenger i V. Prøvestikk 1963 (Egil Bakka) inntil ein steinblokk. Øvst er smalemøk og stein, fra 17 til 70 cm djupn (fjell) er kulturlag. Her låg B 11664, med sølvspenne 20-25 cm djupt.
Frå Per Fett: Buplass ligg O på Kollsøy opp for ei vik som på draftet er merkt ankerplass. Mot V går eit dalsøkk til ei steinfull flate, plassen ligg V for ein knaus i austre kant av flata. B 11665 oppsamla 1963 (Egil Bakka) over 10 x 3 m N-S der vegetasjonslaget var bortvaska. H. o. h. 15 m.
Fangstgrav: Felt 4: Ei dyregrav ca 20 m NØ for veg, orientering VNV-ØSØ. Registrering datert 02.06.1988: (T. Bloch-Nakkerud, S. Carlstrøm) Fangstgrav, en langside delvis utrast. Orientert VNV-ØSØ.
Lokaliteten dekkjer eit område på ca. 400 m2. I tre nær kvarandre liggjande vegetasjonsfrie flekker og i sju prøvestikk vart her funne tildanna flint, kvarts, kvartsitt og rhyolitt. Funna låg både i eit 10-15 cm tjukt humuslag og eit underliggjande 5-10 cm tjukt minerogent lag.