Lokaliteten er avgrensa til ei hesteskoforma flate som er omgjeven ev bergrygger i V, N og S. Det vart teke tre prøvestikk på flata som er 8 x 12 m. Funnmaterialet låg i eit lett kolhaldeg sanlag 5-11 cm tjukt. Her vart funne ein flintkjerne og førti avslag av flint og kvarts.
Tufta 30 A er relativt godt synleg, men vanskeleg å avgrensa mot SV på grunn av tett vegetasjon. Med dette atterhaldet vart tufta målt til å vera 7,4 x 6,5 m i ytre mål, orientert NV-SO. Veggvollane er 0,6-1 m breie og 0,2-0,4 m høge, bygde av løftestor rullestein. Veggen mot sjøsida tykkjest vera mykje utras og ut frå steinmengda her må denne veggen ha vore monaleg høgare en dei andre. Eit prøvestikk inne i tufta gav ikkje funn av korkje kulturlag eller gjenstandar.Tufta 30 B ligg 8 m NV for tuft 30 A. Dei ytre måla er 4,3 x 4 m, orientert NV-SO. Tuft B er bygd som tuft A. I eit prøvestikk inne i tufta vart det påvist trekolbitar 40 cm ned i undergrunnen.
Haugen er bygd oppå eit berg. Han er kring 5 m i tverrmål og kring 1 m høg. Han er avflata på toppen. Haugen er heilt grasvaksen og i austre kanten veks ein rogn. Haugen er tydeleg i terrenget, men er uklårt markert i høve til berget han er bygd på.
Her vart teke to prøvestikk. Begge var funnførande. Det ein vart teke 22 m V for huset og synte ei omrota lagfølgje frå topp til botn. Det andre stikket vart teke 7 m N for ein bergknaus som markerer sørgrensa for lokaliteten.
Her vart teke eit prøvestikk som synte følgjande lagdeling: 0-12 cm torv, 12-16 cm grå sand med iblanda trekol, deretter berg. Pøvestikket var funnførande.
Flata med lokaliteten er kring 30 x 10-12 m vid, orientert NV-SO. Det funnførande området var før utgraving kring 320 m2 stort. Av dette er det utgrave 290 m2. Restar av urørt kulturlag ligg att i aust og nordaust, dessutan i nedre delen av eit djupt søkk i nordvest. Lokaliteten inneheldt djupe kulturlag med rike funn der funntilfanget kunne skiljast stratigrafisk i to kronologiske fasar. Kring 30 m S for denne hovudlokaliteten på ein bakke rett ovanfor ei 2-3 m høg og bratt skråning, vart det dessutan gjort funn i fire av i alt åtte prøveruter.
Haugen er 6 m i tverrmål og kring 1 m høg. Han er godt markert, men litt skadd i kantane. Haugen som er avflata på toppen, er heilt tilvaksen med grastorv. Kring og oppå sjølve haugen er det planta små felt med blomar.
Rund, gressvokst. Inntil dyrka mark. Diameter 6 m, dybde 0,7 m. Beliggende i SV-vendt helling, 10 m fra veg. Lokaliteten her og Hemsedal 36 og åssiden er bevokst av bjørkeskog. Slagg funnet 50 m N for kullgropa og høgere enn denne da hytta ble bygget i 1966. Kullprøve fra bunnen av kullaget, 20cm under markoverflaten (T.B-N).
Røysa er 17 x 5 m O-V og 1-1,25 m høg. Ho er bygd av steinar på opptil 0,7 m og jord. Ho er dekt av grastorv, men det stikk steinar i dagen over heile røysa. I søraustlege kant tykkjest vere eit sår. Her er det mogelegvis køyrd på noko stein. Det tykkjest også vere køyrd stein inntil røysa i sørlege og sørvestlege kant, og avgrensinga av røysa er der difor noko uklår.Det veks ei klyngje med rogner på henne, og i vestlege kant står ei selje.
Bautasteinen, fk.nr. 11/1, som vert kalla Storhella, står i myra og ragar 1,7 m over bakken. Storhella er 2,2 m brei og 15-20 cm tjukk. Ho er orientert VSV-ONO.Haugen, fk.nr. 11/2, ligg 6 m SO for midten av steinhella. Han er 8 m i tvm. og nær 0,5 m høg. Han er mykje utkasta i midten, slik at her er han nærpå flat. Det stikk ein del 20-50 cm store steinar/blokker i dagen. Elles er haugen torvdekt og gras- og lyngvaksen.Lokaliteten er omgjeven av ei flat gras- og lyngvaksen myr med berg her og der.