Tørr røys med tynt mose- og torvdekke, 11-12 x 8-9 m vid, orientert O-V, knapt 1 m høg.Fett seier i 1954 at røysa er 12 m i tverrmål, har vore 1 m høg, men er svært utkasta, slik at søre halvdel er mest borte. Nokre heller ligg framme nær nordre kant. Tynn torv og ymse lauvtre.Ved registreringa 28.5.77 synest røysa å vera i same stand som nemnt hjå Fett, men det er vanskeleg å seia at ho er 12 m i tverrmål. Utkastinga gjer nok sitt til at det er vanskeleg å få gode mål på ho, men utstrekningen slik røysa er idag, synest vera 11-12 m O-V og 8-9 m N-S. Hellene ligg i O-re kant, og der veks lauvtre, einer og furu på røysa.Ifylgje Hans Livden vart gravinga gjort før hans tid, og han er no i slutten av 70-åra. Gamle folk hadde fortalt at dei kom ned på ei helle og stogga gravinga. Funn vart ikkje gjort.
Røysa skal i følgje Fett ha vore 16 m i tvm. og 1,5 m høg, men austre del av røysa og ein stor del av svaet der ho låg, er no bortsprengt i samband med vegbygging, slik at berre halve røysa ligg att. Røysa er bygd av 10-50 cm store, turre steinar. I vegskjeringa stikk ei helle omlag 15 cm ut or røysa. På røysa som er noko mosegrodd, veks ei stor bjørk.
Gravrøysa er bygd av 30-60 cm stor naken steinar/blokker, no noko mosegrodde. Røysa er sterkt utkasta i midten slik at steinen ligg no i ring rundt eit nærast steinfritt område, som vert nytta som bossplass. Røysa er 10 m i tvm. og opp mot 1 m høg.
Haugen er ukårt markert langs kantane, 6-8 m i tverrmål og kring 0,5 m høg. Haugen er dekt med grastorv og tilvaksen med gamalt gras og noko lyng. I midten er eit lite søkk.
Røysa er nesten urørd, berre noko skadd i toppen, men ho skal ha vore mykje større, omlag 25 m i tverrmål og med ein fotkjede av store steinar. I 1870 skal ein ha kome ned til to store hellekister attmed kvarandre, men der var ikkje oldsaker.
Røysa, som er 4,5 m i diameter, er lagt opp kring ein knaus av 0,15 - 0,5 m store steinar/blokker. Ho er låg og verkar utkasta i vestre delen. Noko utrasa mot S. Inntil kantane i N veks gras og lyng. Det utkasta partiet i V er overvakse av gras. Røysa er særs utydelig og av den grunn vanskeleg å avgrensa. Frå røysa skrår lendet ned mot sjøen i V og SV.
Det er vanskeleg å gje noko avgrensing av lokaliteten då funn er gjort på ulike stader i området. På søraustsida av vegen er her flatt og fuktig lende, sterkt tilvakse med gras. På nordvestsida av vegen er eit grasvakse tun tilhøyrande huset.