Denne slagghaugen har en diam. på ca. 5m. Den tegner seg imedlertid ikke med noen klar geometrisk figur. Høyden er 0,4m. Slagghaugen er vanskelig å finne da den står i et bjørkekratt. Det er tatt inn en slaggprøve.
Røysa er ca. 9 m i diameter (orientert N-S), og kring 1,5 m høg. Ho er bygd av 0,15 - 0,6 m store steinar/blokker. I søre halvdel er eit stort søkk der det skal ha vore funne ei steinkiste. Røysa er noko utkasta mot S og det ligg ein del stein på berget nedanfor. Søre halvdel er tilgrodd med gras og lyng, medan steinen i røysa er noko tilgrodd av mose. Utanfor røysa i V skrår terrenget nedover før berget fell bratt i sjøen. Røysa er klårt markert, bortsett frå søre delen. Ho er godt synleg.
Røysa er lagd rundt og på ein knaus som er 3-5 m i tverrmål og opp mot 1 m høg. Røysa sjølv er bygd av kamp i 8 m tverrmål. Røysa er utkasta, noko stein ligg nedunder i V.
Den grasvaksne bakken har vore rydda i gamal tid, og i rydningsrøysene som ligg øvst i N- og NO-kantane av bakken, omlag 3-5 m.o.h., er det funne emne og avslag av grønstein over eit ca. 65-70 m (orientert O-V) langt og opp til 15-20 m (orientert N-S) breitt område. Kring 20 m SV for austenden av funnområdet blei det under registreringa funne eit emne av grønstein i prøvestikk, ca. 7 cm under overflata i brun grus. Også i fjæra låg avslag av grønstein i dagen spreidd langs heile vika. PS: På bakken ligg den mykje omtala UFO-ringen.
Røysa som måler 4,5 m x 3 m, orientert O-V, er låg. Ho er lagt opp av 0,1 - 0,7 m store steinar/blokker i brotstein på knausen og er utkasta i sentrum. Røysa er tilgrodd med gras og lyng og av den grunn uklårt markert. Ho er lite synleg i terrenget.
Røysa som måler 4,8 m x 5,8 m, orientert O-V, er opp til 0,5 m høg og er lagt opp av 0,2 - 0,8 m store steinar/blokker (brotstein). Ho er utkasta og det veks noko gras og eine på røysa. Røysa er vanskeleg å avgrensa, men er lett synleg.