Samlinga inneheld to røyser, og måler 17 x 4,5 m, orientert VSV-ONO. Røysa fk. 2/1 ligg lengst O. Ho er 6 x 4,5 m orientert NO-SV, og 0,75 m høg. Røysa er bygd av 0,2 - 0,5 m store steinar/blokker og er noko tilvaksen med mose og lyng, særleg langs kantane. I sentrum er eit 3 x 1 m vidt og 0,5 m djupt søkk, orientert NO-SV. Kant i kant med denne røysa mot VSV ligg røysa fk. 2/2. Ho måler 11 x 4,5 m orientert O-V, og er 0,5 m høg. Ho er bygd av 0,2 - 0,8 m store steinar/blokker, og er delvis tilgrodd med lyng. I austre kant veks det ei einebusk og ei furu. Om mogeleg har vi her å gjera med ei samanhengande langrøys.
Berre ein 1 - 1,5 m brei skalk langs kanten av haugen og noko av botnlaget i sentrum ligg att. Nordaustre del av haugen er heilt fjerna. Skalken langs kantane er opptil 0,75 m høg. Haugen er 8 - 9 m i tverrmål og heilt grasvaksen. Avdi haugen ligg på ein naturleg kul er avgrensinga noko uviss. Haugen er godt synleg i lendet.
Prøvestikk i området tyder på at steinalderlokaliteten i hovudsak er avgrensa til den staden som allereide er nemnd. Dei fleste av funna kom for dagen kring 15 cm under lyngtorva.
Knausen har bratte sider, men tre stader går det skar opp til toppen. Det er lettast å ta seg opp gjennom skaret i SV. Ved foten av knausen er dette skaret kring 15 m breitt. Her ligg mange store blokker frå bergvegg til bergvegg i 6-7 m breidde, men her er ingen tydeleg mur. Den største av blokkene måler 2 x 1,5 m. Ved foten av skaret er det i O ei 4 x 2,5 m stor tuft (ytre mål), orientert O-V. Denne tufta er truleg frå nyare tid. Noko ovanfor midten av skråninga der skaret er 9 m breitt, ligg ei rekkje med blokker på tvers av bakken, orientert OSO-VNV. Lengst i OSO ligg ei 1,15 x 0,9 x 0,2 m store helle. O,6 m SO for hella er der eit "hakk" i berget, 25 cm høgt og 10 cm breitt nede og avsmalnande oppover. "Hakket" er opptil 8-9 cm djupt lengst nede. Truleg er dette menneskeverk og kan eventuelt ha fungert som fals for ein trestokk i ei sperring. Skaret i VNV er 13 m breitt ved foten av knausen. Her går det ein NO-SV orientert mur frå eine bergkanten til den andre. Muren er danna dels av store blokker, den største måler 2 x 0,9 x 0,7 m, og dels av fint mura steinar i opptil 3-4 skift. Sett frå nedsida er muren opptil 1,5 m høg. Muren er noko utrasa i NO. 5 m nedanfor muren er eit bustadhus. Omlag midt oppe i skaret er ein annan mogeleg mur av store blokker. Ved toppen er skaret kring 9 m breitt. Skaret i O er 9 m breitt ved foten av knausen. Noko nedanfor midten av skaret ligg ei 7-8 m høg blokk som ein kan ta seg opp på begge sider av. Ovanfor blokka smalnar skaret og er ved toppen 5 m breitt. Her ligg ein del store blokker som truleg er restane av ein mur. Den største blokka måler 1,5 x 0,9 x 0,7 m. På toppen av knausen kan det synast som det er fleire tufter, med sider markert dels av bergknausar, dels av blokker. 5 m NNV for blokkene øvst i det austlege skaret er ei slik mogeleg tuft. 5 m lenger mot V, på eit høgare platå, er ei anna. Også like N for øvre ende av det sørvestlege skaret er mogelegvis ei tuft. Alle tuftene har ytre mål på kring 5 x 3 m.
Nausttufta er 15 x 5,5 m lang, orientert ONO-VSV. Ho går som ei forlenging av naustet som står her idag og det er mogeleg at nausttufta kan ha gått under dette. Nausttufta er inngraven i den skrånande bøen slik at ho i V, i bakre kant, er kring 1 m høg. Tufta er idag heilt grasvaksen.
Røysa er 3,5 m i tverrmål og om lag 0,2 m høg. Ho er noko uklårt markert i terrenget, avdi ho er nesten heilt dekt med gras og mose. Nokre 20-30 cm store steinar/blokker er synlege her og der, flest i ytterkantane, slik at ein kan fastslå omkrinsen på røysa.
Haugen er kring 11 m i tverrmål og kring 1 m høg. Kring haugfoten går det ei grøft og haugen er godt markert. Haugen er tilvaksen med grastorv, men ein del 25-60 cm store blokker stikk i dagen. I toppen på haugen ligg ei 1,5 m vid samling med blokker av same storleik. Bautasteinen som Fett nemner skal vera attreist, ligg i dag nede. Han er 85 cm høg og 30-25 cm brei.
07.01.2026: Geometri flyttet og justert til korrekt posisjon - Thomas Paul Ingrassia
Røysa er 13 m i tverrmål og 1,5 m høg. Ho er ikkje særleg godt markert. Overflata er dekt med rogn- og bjørketre, dessutan er ho tilvaksen med gras og mose. I midten er eit krater, 1,5 m i tverrmål. Her ligg nokre mosegrodde steinar i dagen. Storleiken på desse steinane/blokkene er 30-50 cm. Elles er få steinar synlege i røysa.