Lokaliteten ligg på ein lite markert, kring 6 m brei, N-S gåande, fuktig terrasse. Her er noko lyng- og grasvegetsjon, men også opne grusflekker mellom små bergrabbar. Innan eit ca. 4 x 6 m vidt område vart det her i prøvestikk og på ein open grusflekk funne ein pilespiss av flint og fjorten avslag av flint og årekvarts.
I fem prøvestikk innan eit 15-25 cm tjukt kolhaldeg lag under ca. 25 cm tjukk torv vart her funne m. a. ein bladforma pilespiss, seks flekker, tre kjernar og sekstifem avslag av flint og kvarts/kvartsitt.
I fem prøvestikk vart det innan eit ca. 6 cm tjukt brunleg gruslag 25-30 cm under overflata funne eit fiskesøkke av kleber, to flintflekker og femtifire avslag av flint og kvarts/kvartsitt.
Helleristningene er hogne inn i ei plan kløyvingsflate på ei kring 3 x 2,25 m stor, kløyvd sandsteinsblokk, orientert O-V. 1 m mot N ligg den andre delen av blokka. Ristningsflata er skråstilt og vender mot S. Flata har mange avskalingar i fleire nivå.Fig. 1 står lengst nede til venstre i feltet. Linene er utydelege slik at det er vanskeleg å avgjera kva slag figur det er. Truleg er det ein dyrefigur.Fig. 2 står kring 0,5 m til høgre for fig. 1. Dette er ein stor og tydeleg dyrefigur. Hovud og frambein manglar pga. avskaling. Dyret har to parallelle bakbein som er 0,8 m lange med markerte klauver. Rygglina er kring 0,8 m lang og har to puklar. Dyret har dobbel ryggline med liknande bindeliner som ein finn på båtfigurar.Fig. 3 er truleg restar av ein dyrefigur som står inni bukpartiet på fig. 2.Fig. 4 er ein liten dyrefigur som er innhoggen mellom buken og beina på fig. 2. Linene er relativt breie, men grunne. Inni kroppen er det små ovale fordjupningar.Fig. 5 er ei samling liner av trekantform som finst 3-30 cm over ryggpartiet på fig. 2.Fig. 6 er ein dyrefigur som er innhoggen på den nordvestlege delen av flata, kring 20 cm frå fig. 2. Dyrefiguren er kring 70 cm lang. Kroppen er smal og fylt med ein del linestumpar og ein ringforma figur. Mellom beina på dyret er ein krossliknande figur med spor av liner rundt.
Lokaliteten ligg på ei flate oppunder høgste ryggen på den O-V gåande hammaren mellom Vikja og Neset. Han er gjennomskoren av riksvegen i nord og den vestre delen er øydelagd av sprenging i samband med vegarbeidet. Mange funn frå vegskråninga på nordsida av riksvegen må knytast til denne lokaliteten.Her vart føreteke ei arkeologisk utgraving i mai 1977.
Fra utgravning: Noe forstyrret boplass med kulturlag, trolig fra senmesolitikum. Funn av blant annet øksefragment i diabas og mikroflekker. Variert råstoffsammensetning. // Fra registrering: Lokaliteten har ei utstrekning på 50x15 m. Tre prøvestikk i austre delen var alle funnførande. Det eine som vart teke rett S for uthuset, synte seg å innehalda urørd lagfølgje med eit 20 cm tjukt trekolhaldeg kulturlag under 10 cm tjukk torv. Her vart funne mange avslag av kvartsitt, flint og diabas, dessutan fire mikroflekker som tyder på at denne delen av lokaliteten er frå sein eldre steinalder.I ei rydningsrøys ca. 30 m O for lokaliteten vart det m. a. funne to økser, ei Vespestadøks og ei Vestlandsøks. I følgje grunneigaren må desse koma frå rydding av området nord for prøvestikka, noko som tyder på at den nordlege delen av lokaliteten også har vore nytta i yngre steinalder.