Steinringen er bygd av blokker som er plassert tett saman, med eit ytre tvm. på 8 m. Ringen er lagd rundt ein knaus som stikk i dagen. Området innafor ringen er såleis for det meste fylt opp av knausen. Jamvel om noko av steinen i ringen er tilgrodd med grastorv, er han klårt markert og syner relativt bra i lendet.
Røysa måler om lag 11 x 9 m, orientert NV-SO, og høgda er kring 1 m. Ho er bygd av steinar/blokker, 0,15-0,60 m store. Steinane/blokkene er til dels dekte av eit tynt moselag. Eit avlangt søkk ligg i nordvestre del av røysa. På og ikring røysa veks det røsslyng, brake og nokre ospetre.. Røysa er relativt klårt markert og godt synleg i lende.
Berre botnlaget av røysa ligg att i ei høgd av opptil 0,2 m. Tverrmålet er vanskeleg å avgjera, men kan vera ein 7-8 m. Røysa er bygd av 0,1-0,4 m store steinar/blokker, mange av dei er helleforma. Ho er svært omrota og utkasta mot N og NV. Det veks gras og mose på røysa. I sentrum av røysa ligg ei 0,8 x 0,55 m stor blokk, orientert NNV-SSO.
Røysa måler 17 x 15 m, orientert N-S. Ho er 1-1,5 m høg, bygd av 0,15-1,0 m store runda steinar/blokker og kanta heller, som til dels er mosegrodde. I søraustre delen er eit 3,5 x 1,6 m stort søkk, orientert O-V. Det er om lag 0,5 m djupt. Ei 1,6 m lang og 0,4 m brei helle ligg i austre kanten. I S står ein 1,6 x 0,3 m stor bautastein. Røysa er utkasta mot V og SV, og mykje stein ligg utanfor bergknausen. Ho er godt synleg, men dårleg markert. Røysa er delvis overvaksen av gras og rundt kantane i N og SV veks nokre bjørketre. I sørvestre delen og i søraustre kant står to krokfurer.
Røysa måler 18-19 x10 m, orientert NV-SO og er opptil 0,5 m høg. Ho er bygd av 15-80 cm store (i stor grad runda) steinar/blokker, men her finst også kanta heller. Det er fleire søkk i røysa, som verkar omrota, og det ser ut til at ho er utkasta mot V. Røysa er godt synleg i lendet, men dårleg markert i vestre delen. Inntil kantane på røysa veks lyng, blåbærlyng og eine. Svært mykje eine veks S for røysa.
Bautasteinen fk.nr. 2/1, er 1,40 m høg, 20 cm tjukk og brei (avsmalnande mot toppen). Steinen som har vore stødd opp med nokre heller, er no dotten ned og ligg med smalenden mot SV.Bautasteinen fk.nr. 2/2 som er 1,20 m høg og 90 cm brei, står omlag 2 m O for fk.nr. 2/1 med breisidene mot N og S.Kring bautasteinane veks det lyng, blåbærlyng, eine, bjørk og spreidde furutre.
Røysa er 10 m i diameter, låg og bygd av 20-60 cm store steinar/blokker. I tillegg finst det nokre 1,4 m lange og 0,7 m breie heller. Røysa syner relativt godt att i lendet og er tildels klart markert. Dei fleste steinane/blokkene ligg nakne i dagen, men i SO-delen veks noko eine og lyng mellom steinane. Kantane i N og V er tilgrodde av lyng og i austre kanten står ei einebuske.NB. Omlag 30 m SSO for fk.nr. 4/1 skal ha lege ei røys i myr (fk.nr. 4/2). Ho var 6-8 m i tverrmål, låg, bygd av store og mindre steinar og overgrodd av lyng og eine. Staden let seg i dag ikkje sikkert påvisa.
Røysa, som er låg, måler 12,5 x 8 m, orientert NV-SO. Ho smalnar av mot vest, og er noko utkasta i vestre delen. Røysa er bygd av 20-50 cm store kanta steinar/blokker. Noko stein er også fjerna i NO, og kan ha vore nytta i steingjerdet nokre m SO for røysa. Mesteparten av røysa ligg i dagen (tørr røys), men ho er sterkt tilgrodd med eine i austre delen, like eins i NNV og langs vestre kant. Omlag midt i røysa står eit rognetre.
Røysa måler 12 x 10 m, orientert OSO-VNV, og er kring 1,5 m høg. Ho er godt synleg i terrenget. Røysa er bygd av 10-40 cm store steinar/blokker. I røysa er det to søkk. Det eine ligg like S for sentrum og er 1,5 m vidt og 1/4 m djupt. Det andre er 1,4 m vidt og knapt 0,5 m djupt. I nordre delen ligg ei helle på kant som måler 1,25 x 0,6 m. Den sentrale delen av røysa er tørr, men rundt kantane veks lyng. Omlag i sentrum er det to rognetre og ein einebusk.
Røysa er 17-18 m i tverrmål og 1,5-2 m høg. Ho er bygd av 0,2-0,6 m store steinar/blokker og er naken, bortsett frå langs kantane der det veks mose, lyng og ein del små lauvtre. Røysa er omrota og utkasta og har 5-6 mindre sår. I SSV er det i nyare tid laga ei kring 2,5 x 2 m stor og 1-1,2 m djup oppmuring av stein frå røysa.