Røysa er 20 m i tverrmål og 1,5 m høg. Ho er bygd av 20-50 cm store steinar/blokker og er delvis mosegrodd. I nordvestlege kant er røysa dekka av tynn grastorv, men spreidde steinar stikk i dagen. I søraustlege kant er fotkjede markert av steinar/blokker på opptil 1,3 m. Ein steingard som går N-S skjer røysa i vestlege kant. Røysa ligg i kanten av eit dyrka markstykke.4 m N for røysa ligg mogelegvis resten av røysa fk.nr. 6/2. Ho er i så fall skadd i den vestlege halvdelen. Det er vanskeleg å avgjera om dette er den tidlegare registrerte røysa eller om steingarden som no er dels riven har gått her. N og O for røysa er det tidlegare registrert 7 røyser. Desse er i dag tildels vanskelege å finna då her er sterkt tilgrodd med gras, og i den grad dei kan påvisast må dei seiast å vera svært tvilsame.
Røysa som vert kalla Krikahaugen og som det berre er restar att av, kan vera kring 12 m i diameter. På toppen står ein firkanta grunnmur, omlag 5,0 x 6,0 m, orientert O-V. Muren er restane av ein revegard som vart bygd opp av grunneigar under siste krig. Røysa er i dag full av skrot fra pelsdyrgarden: hønsenetting, treverk og dyrebein. I følgje tidlegare registrering har eigaren fortalt at før grunnmuren blei bygd, låg der ein sirkelrund steinlegging av rundkamp. Tradisjoner seier at dette er ein gravhaug og at det skal ha vore gjort funn her..
Røysa som måler 21 x 5 m, orientert O-V, er bygd av 20-60 cm store steinar/blokker. Ho er omlag 4 m høg og har eit O-V gåande søkk i sentrum som er 5 x 4 m og er 30-40 cm djupt. I N er røysa noko utkasta. Kring veks det eine, furu, rogn og vier. Røysa er lett synleg og klårt markert.
Kleberbrotet ligg i ein heller under ein NV-SO gåande hammar. Fremst i helleren er det kulturlag, men i øvste del er det mykje sauelort. Inne i helleren er det fleire merke etter gryter som er blitt hogne ut av berget.
Røysa som vert kalla Storurdi, er mykje øydelagd av vegarbeid slik at berre vestre halvdel ligg att. Ho er nå om lag 10 m vid og 1 m høg (sett frå V) og syner godt i terrenget. Steinar/blokker, 0,2-0,6 m store, stikk i dagen over alt, men elles er røysa mest grasvaksen. Ein høg eine veks i austre kant.
Haugen som vert kalla Hokleskallen, er ikkje heilt klårt avgrensa, då han er overflatedyrka, men tverrmålet er kring 10 - 12 m. Sett frå V er han kring 1,5 m høg, noko lågare på austsida. Han er heilt tilvaksen med grastorv.
Høgdedraget som vert kalla Husabøen er orientert NNV-SSO og dekker eit område på omkring 300 x 100 m. Myking registrerte her hustuft, gardfar, rydningsrøyser og åkerreiner. Hustufta ligg heilt N på Husabøen, 25 m SSO for ei vasskjelde med støypt lokk. Tufta er svært overgrodd med grastorv og gras. Ho er på det næraste orientert O-V og tykkjest å innehalde eit rom som er 10 x 7 m, der den sørlege langveggen markerer seg som ein graskledd voll og den austlege kortveggen med enkelte steinar som stikk opp i dagen. Frå om lag midt på den austlege kortveggen går ei ny veggline 5 m vidare mot O. Denne vegglina vert markert med ei rast med steinar. Etter tradisjonen var denne tufta heilt klår den gong dei dyrka her.
Haugen er 10 m lang og vel 4 m brei og ca. 1 m høg. Han er orientert NNV-SSO. Haugen er heilt grasgrodd, og på og rundt haugen er det planta bærbusker. I austre kant stikk det fram ei helle, ca. 1,5 x 0,5 m vid.
Den nedste av røysene er 4 m i tverrmål og knapt 0,5 m høg i nedre kant. I midten er eit 1,5 m vidt søkk. Her ligg 20 - 50 cm store steinar/blokker i dagen rundt kanten, men elles er røysa tilvaksen med mose og lyng. 10 m lenger oppe i skråninga rett mot V ligg den andre røysa som er 3 m i tverrmål og heller låg. Her stikk ein del mindre steinar/blokker i dagen samt to store blokker, 60 og 100 cm store. Røysene, som ikkje kan seiast å vera utan tvil, ligg på kvar si side av stigen som går gjennom utmarka.