Gropesteinsamlinga R 2 omfattar gropesteinane Fetts fk.nr. S 10-11. Gropesteinen S 10 ligg som nedste trinn i trappa i selet til Hermann Tandle. Her er 2 sikre groper, 5 cm i tverrmål og 2 cm djupe.Gropesteine S 11 ligg 15 m V for gropesteinen S 10, mellom selet til Hermann Tandle og det vestlegaste selet på stølen. Steinen er kring 1,3 x 1 m vid og om lag 0,5 m høg. Oversida er plan og har 10 heilt grunne groper.
Dei ni lokalitetane ligg innan eit område som strekkjer seg kring 305 m i retninga NNO-SSV. Gropeberget R 12 ligg tett SV for selet nedanfor selet til Olaf Drivdal. Berget er noko ujamt og er orientert NNV-SSO. Det har på ein måte fleire terrassar og hallar noko mot SV. Kring 1 m inn frå kanten i SV, ligg det 7 groper på rad innan eit 3 m langt område. 5 av desse gropene er runde, 4-6 cm i tvm. og 1-3 cm djupe. 2 groper er ovale, 13 og 14 cm største mål og kring 3 cm djupe.
Røysa som vert kalla Lauvhaugen, er 12-13 m i tverrmål og opptil 1,5 m høg. 0,2-0,4 m store steinar/blokker stikk i dagen kring i røysa.Søraustre del av røysa er sterkt utkasta, slik at røysa her mest går i eitt med lendet ikring. Ho er også noko avflata og utkasta i sentrum og sørvestre del. Ho er likevel relativt klårt markert bortsett frå i NV, men er i dag lite synleg i lendet. Røysa er dekt av eit tynt moselag og tilvaksen med osp, bjørk, gran og furu.
Røysa måler kring 17 m N-S, 14 m O-V og er opptil 0,5 m høg i O. Elles går røysa mykje i eitt med lendet ikring. Røysa er klårt markert men ikkje særleg godt synleg i lendet. Ho er bygd av 0,1-0,8 m store, nakne steinar/blokker som er noko tilgrodde med mose. Kantane av røysa er tilvaksne med gras, einer, rogn og bjørketre. Røysa er heilt avflata og det verkar som det berre er botnlaget som ligg att. I nordlege del av røysa stikk det fram ein bergknatt som måler kring 2,5 x 0,8 m orientert O-V.I vestre kant av røysa går eit nettinggjerde.
Røysa måler om lag 5,5 x 4,0 m orientert NO-SV. Røysa tykkjest vera bygd over eit 1,3 m breitt og 0,5 m djupt skar som skjer svaet i retninga NO-SV. Røysa har ikkje noko nemnande høgde i høve til sjølve svaet. Røysa er bygd av steinar/blokker, 20-50 cm store, som ligg i dagen, berre stadvis dekte av mose. På båe sider av skaret ligg fleire opptil 1 m store helleforma blokker. Nokre blokker av samme form tykkjest enno liggje intakt tvers over skaret. Ei stor furu står midt i røysa og to furuer i nordre kant. Røysa er noko utkasta mot N og NO. Det er eit 1,5 x 0,7 m vidt og heller grunt søkk i nordre helvta. Røysa er klårt markert og syner godt i lendet.
Gropesteinen R 1 måler kring 2,5 m N-S og er opptil 2,25 m brei O-V. Steinen er breiast i N. Han skrånar mot O og er kring 0,4 m høg i nedre kant. Gropesteinen er noko tilgrodd med mose. I nordaustre del av steinen, om lag 0,6 m frå kanten, ligg to groper med 16 cm mellomrom. Dei er kring 3 cm i tverrmål og 1 cm djupe. Johs. Bøe fann ei tredje grop, men ho kunne ikkje påvisast ved registreringa.
Gropesteinen R 4 ligg 39 m SSO for gropesteinen R 3. Han er kring 4,5 x 1,75 m stor orientert O-V, og opptil 0,9 m høg i S. Overflata på steinen er flat og hallar mot N. Spreidd på flata ligg det ti groper. Dei er 2,5-5 cm i tverrmål og opptil 2 cm djupe. Nokre av gropene er heilt grunne. På ei hylle i søraustre del av steinen ligg det seks groper på rad langs kanten innanfor eit 64 cm langt område. Gropene er 3-4,5 cm vide. Djupna varierer frå 1,5 cm til nokre mm.
Haugen som vert kalla Skarhaug (Huldehaugen), er kring 25 m i tverrmål og 2,5 m høg. Markeringa er svært uklår, avdi haugen går i eitt med bakken ikring. Haugen er godt synleg i lendet. Han er graskledd og tilvaksen med bjørk og furutre. Det går ein stig over sentrum av haugen, orientert tilnærma NV-SO.
Steinen måler om lag 2,2 m SV-NO og 1,5 m SO-NV. Høgda er kring 0,8 m målt i O. Her er 13 sikre groper, dei fleste på sørvestre del av steinen. Tverrmålet på gropene er frå 4-6 cm, djupna kring 0,3-1,5 cm.Steinen er noko forvitra og ujamn.