Beskrivelse fra lokalitet:
Frå Per Fett: "Bygdeborg på toppen av Hushaug, ein bergkoll tett N for tunet, med den gamle vegen til Stordalen tett austanfor og fullt utsyn over Vassenden og Grindavad, det gamle vadet over elva. Borgområdet er ca. 50 x 80 m, avgrensa med ein vel 80 m lang mur i NNO, medan dei andre kantane er bratte stup. Eit par stader i borgområdet er det vatn. Bilete: Shetelig 1908 b fig. 1-5. Shetelig 1915 fig. s. 39. Shetelig 1930 fig. s. 145. Nissen Fett 1968 fig. 52."
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Her er murverk i retning aust-vest, muren ligg på nordre del av kollen. Muren er skritta opp til å vera vel 80 meter og i dag opp i mot 1,5 meter høg. Dene r særs kraftig i mindre søkk og drag. Bergområdet er vel 50x80 meter, her er einsmåkuppert flate
Fk. 2: Røys på høgste og fremste høgda på Øygardsflåto, ein hjell i lida O for Øygarden. 9 x 6 m O-V, ein halvmeter høg, stein med litt jord. Ein stolpe er nedsett, men dei fann ingen ting då. Fk. 3/1: Gropestein ligg 10 m VSV for fk. 2. Steinen er 4 x 2 l/2 m, ein god meter høg. Sju groper. Fk. 3/2: "Sleahidleren", ein svær stein med groper 60 m SO for fk. 2, 10 x 7 m. Attan groper er oppå, serleg langs kantane. Fk. 3/3: Gropestein tett V for fk. 3/2. Der er ei grop. Fk. 3/4: Gropestein, ein flat stein under helleren på sørsida av fk. 3/2. Der er snautt ti groper. Fk. 3/1-4 granska 1953 (Johs. Bøe), 1966 (Gro Mandt Larsen).
Frå Fett: "Røys ligg på Vardahaugen, ein bergrygg i bakkane 200 m O for tunet med dyrka jord rundt. Røysa ligg på høgste toppen, er 10-11 m i tvm., ein god halvmeter høg, tørr røys. Litt opprota på ymse stader." Røysa er låg, tverrmålet er på vel 13-14 meter. Det er få skadar i røysa, men i sør er det spor etter utvhiving av stein. Røysa ligg elles karakteristisk til utpå berget midt i lia. I området er det fleire rydningsrøyser
Beskrivelse fra lokalitet:
Frå Fett: "Røys på Sjoskor 15 m NV for hytta til dr. Skogland, på ein knaus som stuper bratt av mot sjøen i V. Tørr røys. Var 15 x 10 m N-S eller lengre, 2 m høg. Søre helvt ligg på bnr. 3 og er utteken til husmur, så her er berre botnen og utkantane att. På botnen i midten var ubrende dyrebein, B 11055, der var ingen heller eller andre tilstellingar å sjå." Røysa fk 2 var 15x10 meter i mål, den har truleg vore høg, oppimot 1,5 meter. Søre helvta er utteken og botnalget ligg att. Nyregistrert (1999) røys ligg vel 35 meter sør for fk 2, her er nakent berg med mose og grastorv. Her er fleire store hellesteinar og større lø
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Røysa fk 2/1 var 15x10 meter i mål, den har truleg vore høg, oppimot 1,5 meter. Søre helvta er utteken og botnalget ligg att. Ny røys ligg vel 35 meter sør for fk 2, her er nakent berg med mose og grastorv. Her er fleire store hellesteinar og større lø
Beskrivelse fra lokalitet:
Frå Per Fett:
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Røysa er mykje overgrodd av lauvskog og det er vanskeleg å få rette mål på røysa. Lite synes vera endra sidan registreringa i 1956-57 og røysa har truleg måla på 10 meter i tverrmål og er opp i mot 1 meter høg.
Frå Per Fett: "Bygdeborg på Holenuten oppe på fjellet om lag 500 m o. h. Det er tung og bratt veg opp. Sjølve nuten har bratte, utilgjengelege sider, berre i NO kan ein kome opp, men her og er det bratt. Nokre søkk mellom knattar er stengde med svære murar som nå er utrasa, og oppe på knattane er samanborne steinar. Oppe på plataet er det store sprekker, minst 10 m djupe, som har gitt namn til nuten. Synfaring 1926 (Johs. Bøe) og 1976 (Eva og Per Fett). I ei lita hole fanst noko slagg og kol, B 7889."
Frå Per Fett: "1. Røys, nå berre nordre helvt att ved eigedomsskiftet tett V for vegen opp til gards, søre helvt låg på bnr. 3, Etne jordbruksskule. 8 m i tvm., nå knapt 1 m høg, røys med tynn torv på. 2. Røys 23 m VNV for 1 på ein bakkekant mot SV beint opp frå løebrua til jordbruksskulen, men berre noko av utkantane er att i 10 m tvm. Utgraven til botnen frå V til inn over midten. 3. Røys 6 m NO for 2, oppbroten og for det meste bortkøyrd. Ein urørd skalk i ONO syner open røys med 10 -20 cm jord på. Har truleg vore opp mot 15 m i tvm. Her er ikkje grave til botnen."
Frå Per Fett: "Røys på den ytste høge pynten av Hidlenes. 6 m i tvm., 1/2 m høg, bygd av kantstein, nå mykje utkasta. I midten er eit søkk der ein på røysbotnen har funne mykje kol, men ikkje noko meir. På eit berg 40 m NO ligg ei tvilsam røys."
Beskrivelse fra lokalitet:
Gravkiste? av heller skal vere f. på Bjørkeklubben, ein naturleg, runda haug ved vatnet. Grøfter er her uturvande. I og for seg høver staden godt til gravstad. Ingen ting vart funne, men heller ikkje sett etter.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Røys oppå knaus med tunnel igjennom
Frå Per Fett: "Gravflokk på høgdedraget 100-150 m opp og aust for tunet. Her er knausar med noko jord på og myrpyttar i mellom, ope og fritt med stort utsyn. 1-3 ligg i rekkje S-N. 1. Haug lengst SO,4 m V for ein brunn 8 x 9 m vid, ein god halvmeter høg, bygd av stein og jord, sterkt opprota og med søkk fleire stader. 2. Haug 3 m N for 1. 9-10 m i tvm., 1 m høg, bygd av stein og jord, med rest av fotkjede i O. Eit par små søkk, lite innhogg i kanten i NV, truleg uskadd i midten. 3. Haug 4 m N for 2. 9 m i tvm., 1 m høg. Bygd av stein og jord, fotkjede synleg i O og N. Ei grøft O-V går i gjennom søre kant. Utkasta til botnen i V og sterkt opprota i midten. I søraustre kant på oppgrave område ligg heller under torva, visseleg restar av ei kiste, som mogleg har lege i retning NV-SO. 4. Haug 2 m NV for 3 på den andre sida av ein myrpytt. Bygd av stein og jord, sterkt øydelagd og omkrinsen vanskeleg å fylgje, men tvm. tør ha vore 6-7 m. 5. Haug av stein og jord 1 m V for 4, 5 m i tvm., låg, opprota i midten, der ein kan sjå ei attsegen og overgrodd grav, mannslang SO-NV. Ho var før tydelegare. 6. Haug, ein rest av stein og jord 3 m SV for 5, sterkt opprota, omkrins uviss men truleg 5 m i tvm. 7. Haug, ein rest av stein og jord tett NV for 5, truleg av langhaug 8 x 3 m O-V. Fleire store søkk og på sørsida ein dunge utkasta stein og jord. 8. Langhaug av stein og jord og tett N for 4. 8 x 2 1/2 m brei, ein god halvmeter høg på sine stader, utkasta frå S. Det vart grave i desse haugane i åra 1901-12 og dei fann leirkrukker. Det er mogleg at B 5977 er herifrå. Funnet vart gjort midt i ein avlang, flat haug som var 12 skr. lang. Det kan høve på 7 og 8, kanhende helst 7."