Steinen er 1,2m lang og 0,3meter brei. Nils Parelius skriv i boka si at der ligg ein 1,2m lang stein som såvidt er synleg over jorda, og at han i form minner om bautasteinar som er andre plassar på øya.
Røys nr. 1 ligg innanfor Kvalvikskjeret og omlag 25m frå sjøen. Ho er nokså flat og skråar utover mot havet. Tverrmålet er vanskeleg å fastslå med sikkerheit, men det ligg truleg ein stad mellom 15-18m. Ein del stein ligg oppe i dagen, men det meste er dekt. I sentrum av røysa er stein kasta ut, og søkket måler 4m i tverrmål. Frå krateret går ei tydeleg forsenkning som er 2m brei og 5m lang i S-N. Forseinkinga, som er ei kløft i berget som røysa ligg på, er fylt med stein, men er overgrodd med gras og mose.
Røys nr. 4 ligg 30 m frå sjøen og rett opp for sundet innanfor Stokkholmane. Røysa er 10m i tverrmål, og omlag 1,5m høg. Ein del stein er synleg mot vest, og dessutan ser ein to søkk.
Røys nr 5 ligg på ein liten holme som er omflødd ved flo sjø. Røysa ligg omlag midt på holmen. Ho er omlag 8m i tverrmål og 1m høg. Det er ikkje spor etter utkasting. Dette er sannsynlegvis ikkje ei gravrøys, og i boka si omtalar Parelius ein transformatorstasjon på denne staden. Stasjonen er no borte.
R2=R4 frå tidlegare registreringar. I R4 er det gjord funn av skjørbrunne stein og kol, det er også gjort fleire funn av ildstader i området 10x50m. Datering av bustader er ikkje mogleg ut frå funn på staden, truleg frå sein-neolittisk tid eller eldre bonsealder.