Området ligg oppe på Jondalsleitet, her er eit område i nord som skrår slakt ned mot nord og elva og Folgefonnvegen. Flata ligg på vel 75-80 moh. og strekk seg frå ein steingarde i vest og mot aust, der terrenget går over i meir kupert lende. Området er tett tilvakse med granskog og røysene er vanskelege å sjå i overflata. Berre enkelte stein stikk opp frå undervegetasjonen. Området lengst aust på flata har ikkje dei same markerte strukturane som i vest, men her er større jordfaste stein synleg og på grunn av undervegetasjonen var ei god identifisering ikkje råd.
Funnkartet nr. 2. Sameige. Gravflokk på Leitet, som er ei slette mellom den gamle dalavegen og brotet mot elva. Her er 3-4 låge røysar, 3-4 m i tvm., 8-10 m mellom kvar. Austlengst ligg nokre steinar mot ein stor stein. Ein stad 5 m nedanfor vegen og 15 m frå vestre ledet synest liggje ein krans av steinar rundt ein stor stein. På toppen, 4 m SO for eit skarv, er ein liknande runding, 5 m i tvm., heilt overgrodd.