Heller under steinblokk. Restar av omn. Her budde ein fantefamilie, dels under helleren, dels under telt, ca. 1940-1943. Sidan har helleren vore brukt som staurhus. Det er sett opp ein benk under helleren i nyare tid.
Heller under diger steinblokk som står på skrå mot fjellveggen. Fjellveggen er fuktig i regn. Hellerromet går 15m inn. Segn om at berarane sette inn liket av Besse i Knaben her i førreformatorisk tid, og at dei sette frå seg liket av Tòri Olsdotter Knaben her på 1700-talet, over natta, og så bar dei i begge tilfelle liket vidare til kyrkjegarden neste dag. Like nordanfor ligg det ein heller under fast fjell, men med delvis fuktig golv og med mange ølboksar. Den aller eldste kyrkjevegen frå Knaben til Fjotland gjekk forbi her.