Tidlegare offentleg rideveg, i bruk som offentleg veg til 1836, og som snarveg til kyrkje til 1950-åra. Bekken her heiter Treskobekken; her skifta folk frå treskor til lêrskor på veg til kyrkje. Nordmannsvegen var ein lengre byveg til Kristiansand for både Finsland, Bjelland, Grindheim, Eiken og Fjotland.
Fornminne: Kullgrop, ytre diameter 7,20 m, indre diameter 5,00 m, dybde 1,10 m. Rund grop med kvadratisk bunn. Trær på vollkanten rundt gropa. Godt markerte voller.
Rideveg, i allmenn bruk og i bruk av futen til 1842, i bruk som drifteveg til 1905 og som stølsveg til rundt 1950. Kleiva akkurat her heiter Fyrekleiv eller Førekleiv.