Grønsteinsøks funne i samband med brøfting av område for dyrking. Området ligg ca 250 meter nord for Narravika og langs med ein bekk som renn vestover. Funnstaden ligg vel 20 meter over havet. I dag er her beite/slåttemark
Beskrivelse fra lokalitet:
Det ser ut som om ytterkanten av røsteplassen er avgrensa med mindre, kantståande, heller. Anlegget er nokolunde rektangulært i flata (kan skuldast vegen), men endane er svinga ut frå berget mot ein annan, slik at planet truleg hadde utgjort ein halvsirkel om ikkje vegen hadde skåre over ytste skalken. Lengda er ca 1,8 meter, breidda vèl 0,5 meter og orienteringa er SSA - NNV. Ein kan òg sjå ut frå profilen på bergflata at overflata har gått i ein boge (halvsirkel) der høgste punktet er om lag 0,5 meter oppe på berget. Denne "haugen" har mest truleg vorte skrapt delvis bort når vegen til Gamlestølen vart laga. Heilt opptil, mot SSA, ligg ei tilstøytande samling slagg. Denne er ca 1 meter i lengderetningen SSA - NNV og vèl 0,5 meter i breidda. Kan sjå ut som om den er mindre skadd av vegarbeid. Eit spørsmål er om det her er snakk om to brenningar i eit anlegg, eller to separate anlegg. Næraste anlegg er A:43 (kolgrop), som ligg 40 meter mot ANA. Ei anna kolgrop, A:33, ligg 200 meter mot ANA. Malmen som er brun og ganske porøs, har og antydning til renning, dvs at den er brent på så høg temperatur at slaggutskilling har teke til. Det var viktig å få brenna ut alt organisk materiale før malmen skulle i jernvinna. Malmen måtte òg lagrast tørt før brenning i jernvinna. Truleg noko skadd av vegen som går forbi til Gamlestølen, sidan myrmalmen ligg eksponert i overflata.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Røsteplass påvist i samband med registrering av hytteplaner for Seljestad. Lokaliteten er mykje skada av ein eldre traktorveg inn til gamlestølen. Restane av staden ligg inntil ein bergskolt av fyllitt. Her er synlege spor etter brenning. Mykje jernutfelling er og synleg i det elles blålege fyllittberget. i frå grøfta til vegen er det samla inn nokre døme på røsta myrmalm.
Beskrivelse fra lokalitet:
Jernvinna består i dag av ei kantsett, 7 cm tjukk helle som stikk 10 - 12 cm opp frå markoverflata. Lengda på hella er 49 cm. Fleire heller av same dimensjon ligg velta rundt. Desse hellene har velta utover og er dei ikkje blitt for mykje flytt på, så har jernvinna si form vore heilt kvadratisk og om lag 1 x 1 meter i flatemål. Kloss i V kant av jernvinna byrjar terrenget å skrå ned mot V. Slagget er spreidd utover i vifteform frå jernvinna og ca 10 meter nedover skråninga. I nedre del av slagghaugen er breidda over 8 meter (N - S). Høgda på slagghaugen er litt problematisk å fastslå, men PS 1 viste ein tjukkleik på slagglaget på rundt 20 cm. Det kan sjå ut som om jernvinneanlegget saman med kolgropene A:22, A:24 og A:27 utgjer eit kompleks. Desse tre kolgropene ligg i ein avstand til jernvinneovnen frå 20 til 50 meter. Ein kan òg tenkja seg at kolgropene som er konsentrert langs med elva SV til S for jernvinneanlegget, pluss nokre til, høyrer med til same produksjonskomplekset. Flata A for jernvinna ser ut til å vera rydda for stein og at ein i så måte må kunne anta at det under overflata er spor etter aktivitet i samband med jernproduksjonen.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
A54, rest av blesterovn funne på ei hylle i terrenget noko opp i frå Hesjebakkmyrane, her er fleire kolgroper og steinleggingar under lyngen.
Beskrivelse fra lokalitet:
Rektangulært forma kolgrop orientert SV - NA. Ca. 2,0 x 1,2 meter, øvre indre mål, men noko vanskeleg å fastslå sidan gropa ikkje er tømd for trekol. Difor heller ingen særleg markert voll rundt. Prøvestikk 35 x 35 cm teke i SV del (den enden som ligg høgst i skråninga) viser at trekollaget er nesten 50 cm tjukt og består av store trekolbitar. I øvste delen av prøvestikket ser det ut som om kollaget er avskilt to stader med ljos grå silt / fin sand. Kolgropa har vore demma for lagring. Det kan ut frå profilen i prøvestikket sjå ut til at ein har byrja å tøme ho, men av ei eller anna årsak har ein avslutta arbeidet. Kolgropa høyrer truleg inn under same kompleks som dei to jernvinneanlegga (A:5 og A:58) og dei 8 - 9 kolgropene (A:1, A:2, A:4, A:7, A:8, A:10, A:57, A:59 og kanskje A:12) som er situert i same, til dels avgrensa området V for Hesjabakkmyrane.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
A60 kolgrop, synest vera utømt og ligg inntakt i terrenget. Prøvestikk i kanten har gitt mykje trekol.
Beskrivelse fra lokalitet:
Funnstad for emne til kleberkar låg utvaska og eksponert i austre bekkafar.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
HANDAGARD, gnr. 23. Funnkartet nr. 1. Ragnvald Sekse, bnr.7. Klebebrot 300 m V for Vassete og like ved ein avfallshaug som no er brukt opp til vegfyll. Sjølve brotet er ikkje no tilgjengeleg. I avfallshaugen, gjenomgraven 1948 (Wenche Slomann), var emne og brot til opne gryter av vikingtids form B 9920, B 10091. B 9920 , B 10091 - Kleberemne frå fk. nr. 1. Tilv. i U. B. Årbok 1948.