Gravflokk. Her er minst 25 røysar, berre ei er så mykje som 5 m i tvm. og 0,25 m høg, noko utsegen nedover bakken. Dei andre er små og låge eller heilt flate. Inn i mellom ligg einskilde større og store steinar. Røysane er knapt rydningsrøysar, serleg dei større er for regelrett runde til det, og her er visseleg ennå for skrint til dyrking. Kroki i arkivet.
Røys. Ho er 24 m i tvm. og nå 1,5 m høg, og mykje skadd. Såleis har visseleg all steinen i steingarden tett V for røysa kome derfrå. Ho fyller mest heile toppen av knausen. Her veks nå skog, foten på røysa er dekt med lyngtorv. Her skal vere f. eit sverd av jarn. Bilete: Bøe 1923 fig. 2 og plansje.
Buplassar. Fetts fk. 2/1: Buplass. Låg tett V for foten på Geitahaugen, mellom 9 og 10 moh. og i ca. 20 m lengd NO-SV. Herfrå er i alle høve B7224 og B7440, men og delar av B7253, B7416 og B11253. Sjå nærare Bøe 1923 s. 27 ff. Vest for sjølve buplassen låg noko flint i tre groper. Fetts fk. 2/2: Buplass. Ligg tett S for Varden (eller Nabben), mellom 11 og 12 moh. i ca. 60 m lengd VNV-OSO, langs ein veg. Herfrå er i alle høve B7441 og B8422, men og delar av B7253, B7416 og B11253. Sjå nærare Bøe 1923 s. 27 ff. Vestre enden var urørd og utgraven 1922 (Johs. Bøe). Staden kallast felt B og gav B7418. Plan og profil: Bøe 1923 fig. 5. Fetts fk. 2/3: Buplass. Ligg skild frå fk. 2/2, 8-10 m V for og ein halvmeter lågare enn felt B, buplass 2. Utgraven 1922 (Johs. Bøe) og kallast felt A. Herfrå er B7417. B7420 låg sekundært noko lengre nede. Plan og snitt: Bøe 1923 fig. 3-4. Fetts fk. 2/4: Buplass. Lengst V i myra. Her vart funne B7442. Fetts fk. 2/5: Buplass, NO for Geitahaugen. Her vart funne B7253k.
Røys. Ho er bygd av kampestein på ei hylle N for toppen i 10 m tvm. og 1 m høgd. Noko utkasta, serleg i ei grop i vestre kant og ei i SO. Noko tilgrodd i kantane, elles nokre forblåsne småbjørker.