Røys. 6 m i tvm., 0,5 m høg og tydeleg å sjå. Visstnok urøyvd. I bakken ovanfor ligg nokre små røysar opp til jordfaste steinar. Dei er vel helst naturlege.
"Geitalemen", heller. Botnen er snaut 14 moh. Opninga vender mot O og er 40 m lang, men sjølve bustaden er berre 8 m lang, 3 m høg og helleren er her 3,5 m djup frå dropefallet. Ein nyare mur deler golvet i to. Utgraven 1920 (Bjørn Hougen), 26 m2, B7196. Tre bålgroper, funna sterkt oppknuste og mest inne ved veggen. I eit tynnt lag øvst var berre noko "slaggagtig" jarn. Bilete: Hougen 1920 pl. I-III, fig. 1-2 (1950 fig. s. 20 og 22), Petersen 1935 fig. 2. Brøgger 1925 fig. 14. Familieboken VIII fig. s. 88.
Røys. Med sine 20 m tvm. og 3 m høgd dekker ho knausen ho ligg på, og ruver stort. Midt i er eit stort søkk etter utkasting - ein god del stein ligg nedover bakken i N - og der står ei furu.
"Røyso". Ho er nå berre halv, ved at austre helvt er borte. Ho var 10 m i tvm., 1,5 m høg, bygd av kamp og nå med eit tynnt torvdekke. I nordre kant står ei eik.
"Kongegravo" (nytt namn). Haugen er overdyrka og visseleg mykje redusert, her skal såleis ha vore fotkjede. Han er nå 10 m i tvm. og 0,5 m høg. Truleg kjem B491 herfrå, det skulle vere frå ein haug, "Snørehaugen kaldet" men der oppe finst der korkje restar av eller minne om slikt. Funnet låg under ei helle 2 1/2 alen lang, l 1/2 alen brei og 6 tommar tjukk (1,55 x 0,90 x 0,15 m), elles var det ikkje anna enn menneskebein. Likevel fortel Nicolaysen om at det på ein annan stad i haugen var f."et stykke messing af en hul cylinder eller ring". Seinare fanst B11454, og der blir nemnt nokre sprøde bronsemyntar, dvs. at bronsebitane var runde.