Røysa måler 15 m i tverrmål og er omlag 1 m høg og er bygd av steinar/blokker som er 0,4 - 0,6 m store. I vestre kant av røysa kjem berget som røysa ligg på, godt til syne. I midten av røysa er eit søkk der det ligg mykje steinar/blokker i dagen. Elles er røysa brake- og lyngvaksen med eit par mindre furuer og ei bjørk i midten. Røysa er dårleg markert og syner heller dårleg i lendet.
Røysa er 14 m lang NO-SV og 11 m NV-SO. Ein skalk i SO vart fjerna då hagen blei laga. Sett frå N og V er røysa minst 1,5 m høg, medan røysa i SO er i nivå med plenen. Røysa er bygd av nakne, 0,1 - 0,7 m store steinar/blokker, dei fleste kring 0,4 m. Toppen av røysa er avflata og ho er noko utkasta i NV. Det står ei stor selje i midten av røysa, og ei bjørk i nordvestre kant. Elles veks det lavendel på røysa. Røysa er klårt markert og godt synleg i lendet.
Fornminne: Gravhaug, overtorvet og tilgrodd med smågran og løvtrekratt. Søkk i toppen, diameter 0,5-0,7 m, dybde 0,30 m. Tilløp til fotgrøft i SV. Diameter 5-6 m, høyde 0,7 m.
På NV-brinken av en mindre avsats i NV-hellingen av neset: LANGRØYS, orientert NØ-SV, for det meste klart markert og tydelig i terrenget. Bygd av mellomstor og mindre rundkamp og bruddstein. Hele SV-delen opprotet. Her NØ-SV-gående krater, mål på toppen 2,4 x 1 x 0,8m. I bunnen av dette spor av tørrmurt, NØ-SV-orientert GRAVKISTE med NØ-enden og SØ-langvegg bevart. NØ-enden avsluttes med en helleformet bruddstein, hvis svakt buete side vender inn mot kisten. Mål: l 0,5m, t 0,8m, h 0,38m. Den bevarte langvegg består i dag av ett lag stein, lagt kant i kant. Alle vender flatsiden inn mot kisten. Synlig l 1,7m. I bunnen av krateret og inntil dets NV-vegg, helleformet bruddstein, 0,33 x 0,38 x 0,1m, som uten tvil har hørt til kisten, hvis br i dag ikke er mulig å avgjøre. Kraterets br i bunnen 0,3m. Nedover NV-hellingen av knausen ligger en mengde stein, som dels må være kastet ut fra røysen, dels må være lagt her opprinnelig for å dekke en NV-SØ-gående senkning. Steinbeltets utstrekning her, regnet fra røysens antatte kant, 3,7 x 3,4m, orientert NV-SØ. Røysens NØ-ende, som ligger på en liten knatt med en steinfylt senkning mellom den og SV-delen, urørt. NØ-delen bevokst med en del einer og lyng, SV-delens kant er litt lyng-og mosegrodd. I NV-hellingen furu. Mål: 12 x 9m, h i NV 1,7m, i SØ 0,7m. 2003: Ingen endring
Røysa er kring 12 m i tverrmål og 1 m høg. Nokre steinar stikk i dagen, men elles er røysa dekka av mosetorv og lyng. I S del av røysa er eit 1,5 m langt, 1 m breitt og opp til 0,8 m djupt søkke, orientert VNV-OSO. Om lag midt på røysa er det eit trigonometrisk punkt. Det veks litt einer på røysa.
Røysa måler 17 x 15 m, orientert N-S. Ho er 1-1,5 m høg, bygd av 0,15-1,0 m store runda steinar/blokker og kanta heller, som til dels er mosegrodde. I søraustre delen er eit 3,5 x 1,6 m stort søkk, orientert O-V. Det er om lag 0,5 m djupt. Ei 1,6 m lang og 0,4 m brei helle ligg i austre kanten. I S står ein 1,6 x 0,3 m stor bautastein. Røysa er utkasta mot V og SV, og mykje stein ligg utanfor bergknausen. Ho er godt synleg, men dårleg markert. Røysa er delvis overvaksen av gras og rundt kantane i N og SV veks nokre bjørketre. I sørvestre delen og i søraustre kant står to krokfurer.
Røysa er heilt overgrodd av ris, sprake- og lauvtrekratt. Markeringa er difor svært uklår, men tverrmålet ser ut til å vere 8-9 m. I N går røysa i eitt med lendet, medan ho frå S kan vere opp til 1 m høg. Sentrum av røysa er utkasta. Her er eit søkk som kan vere kring 5 x 4 m orientert O-V og 1 m djupt. I dette søkket ligg det opp til 1 m store blokker i dagen som er sterkt tilgrodde med mose. I sørlege kant av røysa er det lagt innpå ein del steinar/blokker i samband med dyrking.