Lokaliteten vart funne i ei grøft langsetter grusveg ut mot Vardaneset. Alle funna er lausfunn frå denne grøfta. Det er ikkje tatt prøvestikk for å avgrense lokaliteten, men den har topografiske avgrensingar i N, S og V. Det er uvisst kor mykje av lokaliteten som er bevart A for grusvegen. Utstrekningen er antatt å kunne vere ca. 15 x 25 m. Då lokaliteten vart kontrollert i 2000 vart profilen i grøfta rensa fram og teikna opp. Følgjande lag vart dokumentert: Lag 1 - Torv (40 cm), Lag 2 - Trekolhaldig sand- og leirelag (litt funnførande) (4 cm), Lag 3 - Trekolhaldig sand- og gruslag (mest funnførande) (20 cm), Lag 4 - Blåleire.