Frå Per Fett, 1954: "Varden", røysrest, namnet ute av bruk. No oml. 17 m lang og 6-7 m brei, men kan ha vore ein 15 m brei. Øvste skalken, som ligg att, er no 1 1/2-2 1/2 m høg. Ikkje utkasta til botnen i midten. Ligg på svaberg ein 30 m frå stranda, nedanfor Utsikti. Oppi røysresten er nokre steinar på fleire mannslyft kvar. I eller før 1841 vart det funne ein hovudskalle av menneske "under endel stene, som var lagt med en viss omhu, men uden at danne noget gravkammer.".