• 100789-1

    kulturminneid
    • 100789-1
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Ei funnførande sjakt (2) utgjer lok. To funntome sjakter (1 og 3) avgrensar lok. Sjakt 2 var 3,4x13 m + 3,5x4,5 m, 30-35 cm matjord. Beskrivelse fra Enkeltminne: Sjakt 2. Stratigrafi: Øvst 20 cm matjord, 24 cm rasmasse, 3-4 cm mørkt sandjordlag med trekol. Laget forsvann delvis mot NV; heilt i NV kom ein rett på jordblanda grovare rasmasse under matjorda. I utvidinga av sjakta mot VSV og det forlenga området inn i sjølve sjakta, arta undergrunnen seg som kulturpåverka. Restar etter mogleg steingard. I og i ytterkanten av steinsamlingen vart det avdekka større trekolhaldige område. Dette kan vera delar av det tydeleg trekolhaldige laget i profilen. Likevel ser det ut til at desse områda inneheld meir kol og er meir markante i forhold til den gulbrune sandjorda rundt. Det tynne kollaget kan olkast som gamal åker, evt kulturlag avsett ved anna bruk av området. Dette laget fans i alle tre sjaktene, tydeleggjort som eit kulturlag i sjakt 2 pga funn av kvartsittavslag. Den moglege steingarden kan ha hatt ein funksjon i ein eldre gardsstruktur.
    kommune
    • Lærdal
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2020-01-27T20:13:20Z
    opprettet
    • 2006-10-04T13:21:17Z