Beskrivelse fra lokalitet:
Ei funnførande sjakt utgjer lok. (sjakt 3).Hovuddelen av sjakta var 19x4 m stor, med ein utstikkar mot NA på 6x5 m. Matjorda var mellom 80 og 100 cm tjukt. To funntome sjakter avgrensar lok. (Sjakt 1 og 2).
Beskrivelse fra Enkeltminne:
I sjakt 3 vart det påvist 7 strukturar, utan tolkning. Dei inneheldt trekolhaldig humus blanda med fin sand. Dei var runde og ovale - enkelte ujamne i kanten. Storleiken varierte mellom 70 og 140 cm i diameter. Dei to snitta strukturane var 35 og 40 cm djupe. Den fyrste var jamn i kanten og kan vera eit stolpehol. Det vart funne eit avslag i mørk skifrig kvartsitt med mogleg retusj ved utvasking av kolprøven frå fyllskiftet. Lok. var vanskeleg å vurdera sidan spora var vanskelege å tolka og usystematiske. Kvartsittavslaget kan tyda på steinbrukande tid.