Fra Per Fett, 1954: Røys på ein bergknatt i Rosten, i bratt ulende mellom sjøen og riksvegen, 500-600 m N for fk. 10. Er 8 x 9 m vid, 1 1/2 m høg, men skal ha vore 1 m høgare, før ho vart utkasta av nokre austmenn for ein 60-70 år sidan. Nær vestkanten er ei open kiste, 1,8 m lang N - S, 0,6 m brei og djup, sers fint og jamnt mura av små heller. Her ligg ei rektangulær, tilslegen helle, 1,2 m lang, 0,65 m brei og 15 cm tjukk. Ingen veit om her er funne noko.