• 100885-1

    kulturminneid
    • 100885-1
    informasjon
    • Gravrøysa id. 100885 ligg om lag 35 meter vest for den nordlegaste av dei to eksisterande driftsbygningane i tunet. Røysa rund/oval i forma med tydeleg kantmarkering av stein i sør og sørvest. Den ligg slik sett klårt avgrensa på toppen av ein bakkekam ovanfor tunet og med utsyn ut over dalen i nord. Røysa ligg orientert i lengderetninga mot aust/vest og måler 12x8 meter. Anslagsvis høgd er på 1,5 meter. Sjølve røysa består av jamnstor stein, men det er lagt på mindre ryddingsstein og laga nokre mindre oppmuringar i framkant for å halde på steinen. Det førekjem ikkje nokon synleg plyndringsgrop eller tydelege heller frå ei evt. hellekiste. Plasseringa form og storleik er likevel typisk for gravrøyser frå førhistorisk tid. Røysa har likevel truleg og vore nytta som ryddingsrøys i nyare tid, noko all den på kasta småsteinen vitnar om.
    kommune
    • Lærdal
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2006-10-06T14:05:41Z