Fra Per Fett, 1954: Røys i bjørkeskogen i Hagen, noko frampå ein slak ås mellom Jåstad og Vilurdo, 80-100 m ovanfor øvste bøgarden og 100 m frå bytet med Vilurdo. Her ville ha vore stort utsyn om ikkje skogen hadde vore. Røysa er 10 m lang N - S, 8 m brei og 1 m høg. Søkk til botnen i midten, 4 X 3 m vidt. Litt omrota og uryddig.