Fra Per Fett, 1954: Haug, ein rest på ein liten kul ein 20 m S for fk. 1/1. Utgraven 1931 (Johs. Bøe). Haugen var bygd som turr røys med tjukt torvdekke omkring eit bergskjer, i minst 10-15 m tvm. Under dei sentrale delane av haugen var ikkje merke etter grav, nær nordkanten var ei mura kiste, 0,75 x 0,5 x 0,5 m, (bilete: Bøe 1930 fig. 23-25 Bakka 1963 fig. 60-61.) med heller over. På botnen låg ei ujamn rund helle, og under den var eit brannflak som også gjekk under veggene på kista. I dette laget var B8200, beltesteinen låg mellom steinane i røysa, knapt ein m frå kista.