Røysa er jordblanda og dekka av gras. Enkelte hovudstore steinar stikk opp. Desse kan nokon stadar sjåast i randa av røysa. Ei fotkjede kan fylgjast enkelte stadar, men lettast ved å trakke eller stikke etter den med jordborr. Røysa er jamn rund og har eit tverrsnitt på 7,6 m. Høgda er 20 cm. I 50-åra vart det brukt bulldosar på toppen av den. Fleire av desse steinane ligg i bakken naedanfor røysa. Skaden ser i hovudsak ut til å ha gått utover kvelvinga på gravminnet.