Fra Per Fett, 1954: Røys på Nesmjølstølen, 10 m nedanfor bygdevegen, beint mot utløa 15 x 13 m vid, 1 - 1 1/2 m høg, ligg visstnok på bergskarv med tunt jordlag over. Open kiste, mura av rund stein, 1 1/2 m lang N-S, 1 m brei og 1/2 m djup, eit par m inn frå S-kanten. Mykje tilgrodd med lauvskog og kratt, tilkøyrt noko rydningsstein og bos. Det er mogleg at B1647 er herifrå, med di den skal vere f. "i en stenrøs mellom Utne og Ullensvang", nemnd like etter Utne.