Fra Per Fett, 1954: Røys? Bendixen skriv at det synest liggje restar av ei røys på Varden, ein framskoten bergknaus om lag midtveges mellom Kvasshaug og tunet. Staden er sers høveleg med stort utsyn, men her er nå så mykje rydningsstein at det er vanskeleg å sjå korleis alt har vore.