• 104642-1

    kulturminneid
    • 104642-1
    lokalitetid
    • 104642
    informasjon
    • Rideveg, i bruk til 1924 og noko i bruk til 1950-åra. Han går over ein lyngmo som heiter Troddeskeiet (= Trolleskeidet, av troll som i folkefantasien kappreid her). Så går han på skrå på ei berghylle (jf. bilete teke av Gisle Midttun i 1920, prenta i "Vegane i Hægebostad kommune" s. 26). Så går han forbi Kjådnevaren (= Kjernevarden, jf. bilete i "Norske bygder" bd. Vest-Agder II s. 10). Så går han nedover snaue berg. Han går høgt i kanten av Svøvshylen (jf. segn om ei brud som miste reisla, dvs. ei slags brudekrone av tøy og stas). Lenger nede går han over Dansarsletè (= Dansarsletta, der kyrkjegjengarane dansa på heimvegen). Til slutt kjem han ned til Skobekkjen (= Skobekken, der kyrkjegjengarane skifte skor; dei gjekk med kyrkjesko av lêr mellom bekken og kyrkja).
    kommune
    • Hægebostad
    fylke
    • Agder
    opphav
    • Agder fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2007-01-12T18:14:26Z