• 108045-1

    kulturminneid
    • 108045-1
    lokalitetid
    • 108045
    informasjon
    • Stratigrafien på lokaliteten er svært varierande både i tal lag og samansetning. I ps 3 har ein i lag 2 og 3 eit mogleg kulturlag, her er det likevel få funn i høve til dei andre prøvestikka. Lagdelinga vert noko vanskeleg å tolke då ein i nyare tid har hatt ei løe ståande i kanten av lokaliteten. Dette har naudsynleg ført til mykje trakk og omroting av dei øvste laga. Dei funnførande laga er i hovudsak gruslaget under torva/jordlag. Her har ein, ein del vassrulla flint som kan skuldast at lokaliteten ligg på eit gamalt strandnivå, eller at det i dag er eit sterkt vassig over lokaliteten sin austre del. Funna viser ei stor spreiing i råmateriale. Her er representert kvarts, kvartsitt og flintmateriale. Vidare har ein fragment av brent bein og keramikk. I prøvestikk tre har ein og representert nyare tids materiale gjennom funn av jernfragment.
    kommune
    • Alver
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opprettet
    • 2007-03-26T14:35:01Z