• 116344-1

    kulturminneid
    • 116344-1
    lokalitetid
    • 116344
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Aktivitetsområdet består av ein eldstad Beskrivelse fra Enkeltminne: Strukturen er ei rundoval nedgraving med mål 170 x 150 cm. Fyllmassen består av mørk brun humus med spreidde kolbitar. Nær vestenden fjerna maskina noko stein slik at ein her kom djupare i strukturen enn ellers, og avdekka her eit meir konsentrert kollag. Det synast difor som det er meir kompakt kollag i randen og/eller djupare ned i strukturen. Det er teke ut kolprøve frå området der det konsentrerte kollaget vart avdekka, og denne er sendt inn til datering. Det er ein del steinar i strukturen og desse er særleg konsentrert i utkanten. Her er både rullestein, ¿vanleg¿ stein og heller. Fleire av steinane er skjørbrente. Ved avdekking virka flere av oppsprekkingane å vere ferske, men dette skuldast truleg berøring frå grabben. Fordi steinane synast å vere konsentrert om utkanten av strukturen er det truleg ikkje snakk om ei kokegrop. I staden er den tolka som restar av ein eldstad med steinsatt kant. Strukturen er ikkje snitta.
    kommune
    • Voss
    fylke
    • Vestland
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    endret
    • 2020-01-27T20:13:20Z
    opprettet
    • 2008-06-26T14:07:01Z